Sauda kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sauda kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1135
Fylke Rogaland
Adm.senter Sauda
Areal 513 km²
Folkemengd 4 745 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Frode Sulen (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.sauda.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1135.svg
Sauda kommune på Commons

Sauda kommune er ein kommune i Rogaland. Kommunen grensar til Etne kommune i nordvest, Odda kommune i nord og aust, Suldal kommune i aust og sør og til Vindafjord kommune i vest. Namnet Sauda stammar frå ordet «Syda» som tyder «koka» eller «fossa». Sauda er òg namnet på den største tettstaden i kommunen, og kommunen har vedteke at tettstaden er ein by. Sauda er kjend som ein industristad, med Sauda Smelteverk som største arbeidsgjevar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sauda er ein industrikommune og fungerer som regionssenter i Indre Ryfylke. Mesteparten av innbyggjarane bur i Sauda sentrum og rundt Saudasjøen.

Næringsverksemda er bygd opp rundt tungindustri og vasskraft. Sauda er mellom anna hovudsentral for Statkraft region sør, som kontrollerer straumnettet i heile Noreg sør for Trondheim. Franske Eramet driv smelteverk i Porsgrunn og Sauda. Sauda Smelteverk står for ein stor del av verdproduksjonen av legeringa FeMangan.

Åbøbyen, som i mange år fungerte som ein bydel for industriarbeidarane, med ei sterk klasseskilnad.
Hamneområde
Bensinkrig er eit vanleg fenomen i Sauda, og plassen har ofte dei lavaste prisane i landet

Kommunen har ein god infrastruktur med mange skular og god barnehagedekning. Innan helse og sosialstruktur er det mellom anna to legesentre, to eldresentre, eit sjukehus (Sauda Sjukehus), krisesenter for kvinner i Ryfylke, barnevern og mange omsorgsbustadar. I sentrum er det butikkar som dekker dei aller fleste behov. Det er òg fire bankar, postkontor og ei rekke offentlege kontor som Aetat og likningskontoret.

Sauda har som mål å utvikla fritidstilboda, mellom anna idrett. I kommunen finst det mellom anna alpintsenter, skytebane, langrennsarenaer, hoppbakke, crossbane, stadion, hall for fotball, handball og andre idrettsarrangement, symjehall og sumarope utebasseng. Ein gong i året blir det også arrangert eit stort lanparty i Saudahallen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er gjort arkeologiske funn i Saudasjøen som viser at plassen har vore busett sidan den siste istida. Lokalhistoria er uklar og dårleg dokumentert på det som har hendt før 1800-talet. Etter den vanskelege mellomalderen byrja det å blomstre i Sauda. Langs heile fjorden blei det bygd sager som gjekk på fossekraft. Storproduksjon av tømmer blei sett i gang, og store seglskip frå heile verda segla inn fjorden for å hente varer. Våren 2005 blei ein gamal og nedsokken kai oppdaga under vassoverflata rett ved Sagfossen i Sønnahavn. Ved sida av kaien låg ein stor haug med ballaststein som skipa hadde kvitta seg med. Det går også rykte om at vraket av eit stort seglskip ligg i bukta ved sida av fossen, men der har ingen dykka endå. På 1800-talet starta gruvedrifta i Allmannajuvet. Her blei det tatt ut store mengder sink mellom 1881 og 1899. På den smale gruvevegen blei malmen frakta ned til Sauda, som den gong hadde fleire innbyggjarar enn byar som Stavanger og Sandnes i Stavanger Amt. I årevis har Sauda kommune arbeida for å få liv i det historiske gruvemiljøet. Allmannajuvet er nå velplassert i prosjektet Noregs Nasjonale Turistveger, og ein del av dei gamle bygningane som tidlegare stod der skal gjenreisast. Trass i både tømmer og gruvedrift, starta ikkje den verkelege industrialiseringa i Sauda før ut på 1900-talet då bygginga av Sauda Smelteverk tok til. Store bygningar blei reist, og staden utvikla seg raskt til å bli ein liten by. Under andre verdskrigen bygde tyske Nordag eit stort aluminiumsverk i Saudasjøen, men produksjonen blei ikkje sett i gang før i 1944. Industribygningane og jernbanespora mellom Sauda og Saudasjøen blei seinare rivne av Sauda kommune.

Administrativ historikk[endre | endre wikiteksten]

Då dei norske kommunane vart oppretta ved formannskapslovene i 1837 var Sauda sokn ein del av Suldal kommune. Allereie i 1842 vart Sauda frådelt til ein eigen kommune med 1 584 innbyggjarar, og har sidan den gong hatt dei same grensene.

Verd å vitja[endre | endre wikiteksten]

Mange turistar kjem langvegsfrå for å ta bilete av det gamle smelteverket. Om sumaren er det mogleg å få omvising i dei gamle sinkgruvene i Almannajuvet. Sauda har òg vakre friluftsområde, som Tangen, mellom sentrum og verket.

Tveittunet i Saudasjøen.

Kjende saudabuar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Arnvid Lillehammer: Soga om Sauda Bygdesoga 1880-1940, Sauda 2002.
  • Soga om Sauda. Bygdesoga før 1880, Sauda 1991