Miljøpartiet Dei Grøne
| Miljøpartiet Dei Grøne | ||
| Talspersonar: | Hanna E. Marcussen Harald Nissen |
|
| Oppretta: | 1987 | |
| Ideologi: | Grøn | |
| Farge: | Grøn | |
| Hovudkontor: | Dronningens gate 33 Postboks 2169 7412 Trondheim |
|
| Epost: | gronne@gronne.no | |
| Nettstad: | www.gronne.no/ | |
| Ungdomsorganisasjon: | Grøn Ungdom | |
| Partiavis: | Grønn Kontakt | |
| Internasjonal tilknyting: | Global Greens Coordination | |
| Europeisk tilknyting: | European Greens | |
| Ordførarar: Ingen | ||
| Kommunestyrerepresentantar: 18 | ||
| Fylkestingsrepresentantar: 1 | ||
| Stortingsrepresentantar: Ingen | ||
| Medlemstal: om lag 1800 (2011) | ||
-
- Sjå òg Miljöpartiet de Gröna
Miljøpartiet Dei Grøne er eit norsk politisk parti. Det arbeider for eit økologisk og sosialt berekraftig samfunn. Det vert debattert internt i partiet om det høyrer til sentrum eller venstresida i norsk politikk. Samstundes er ikkje partiet tufta på nokon einskild ideologi og fell på mange måtar utanfor den tradisjonelle høgre/venstre-aksa. Slike parti vert ofte plasserte i sentrum. Partiet er kritisk til statlege krav om profitt og økonomisk vekst framfor krav om økologisk og sosial betring. I kommune- og fylkestingsvalet 2011 fekk Dei Grøne inn representantar i alle dei største byane.
Ungdomsorganisasjonen til Miljøpartiet Dei Grøne heiter Grøn Ungdom.
Innhaldsliste |
Struktur [endre]
Landsmøtet er det høgste organet i partiet. Det er landsmøte kvart år, og alle tillitsvalde vert valde for eit år om gongen. Mellom landsmøta vert partiet leidd av eit landsstyre med 5 eller 7 medlemmer. Ein kontrollkomité skal sjå til at styret og sekretariatet held seg til vedtektene.
Partileiar [endre]
Miljøpartiet Dei Grøne har ikkje partileiar. To personar frå landsstyret får nemninga talspersonar og skal representere partiet utetter. Harald Nissen og Hanna Elise Marcussen vart gjenvalde som talspersonar på landsmøtet i Bergen i 2012.
Jan Bojer Vindheim er den einaste personen som har hatt tittelen partileiar i Miljøpartiet Dei Grøne. Han sat frå 1993 til 1994.
Historie [endre]
Den tilgjengelege partihistoria fokuserer mykje på utviklinga i Oslo lokallag, eit av dei fylka der MDG har markert seg sterkast. Det ligg ikkje føre nokon heilskapleg historie for den nasjonale organisasjonen.
1987–1990 [endre]
Partiet vart skipa lokalt i Oslo den 8. mai 1987 etter at Nils Brozak tok initiativ til ei grøn liste. Etter ei hurtig danning av fleire lokallag, vart partiet skipa nasjonalt den 29. oktober 1988 og deltok i sitt første Stortingsval i 1989, der dei fekk 0,6 % av stemmene.
Partiet vart oppretta som ein reaksjon på jappetida sitt krav om profitt og økonomisk vekst. Etter å ha stilt til lokalval i 1987 (eitt år etter Tsjernobyl-ulykka) kom partiet inn i fylkestinget i Akershus.
Ved kommunestyret i Halden, 1987, var 4 av 69 innvalde under namnet Demokratene – De Grønne, Demokratene – De Grønne vart seinare tilknytt Miljøpartiet Dei Grøne.
1990–1995 [endre]
På byrjinga av 1990-talet gjekk partiet gjennom ei grundig reorganisering. Fram til og med stortingsvalet i 1989 vart partiet leidd av eit landsutval og ei sentral koordineringsgruppe. Då denne strukturen, utan eit eige sekretariat, ikkje fungerte formålsteneleg vart det lagt opp til ei ny strukturering, nær sagt den same som styrer partiet i dag.
I 1992 vart det utarbeidd eit program for valsamarbeid med Raud Valallianse. Mange medlemmer såg på eit slikt samarbeid som vesentleg for at partiet skulle fortsette. Då dette samarbeidet vart nedstemt grunna stor politisk avstand til RV gjekk det gamle styret av, då dei meinte partiet var for svakt til å stå aleine.
Under «EU-valet» i 1993 fekk partiet berre 0,2 % av stemmene. Dette året vart den første og til no einaste partileiaren valt, Jan Bojer Vindheim (frå 1993 til 1994).
I 1991 kom det inn 2 representantar (av 49) i Halden på Miljøpartiet Dei Grønes liste. På Nesodden, i Bærum og i Trondheim fekk partiet ein ny representant kvar stad.
1995–2005 [endre]
I august 1995 vart det oppretta eit interimstyre til Oslo Grøn Ungdom. Ungdomsorganisasjonen kom i drift i løpet av 1996. Større vervekampanjar i ungdomsorganisasjonen førte til betre bemanning på hovudkontoret i Oslo.
I 2003 gjennomførte partiet ein gjennomgang av profilen sin og valde ein posisjon i det politiske miljøet. Dei gjekk inn i eit samarbeid med Oslo Senterparti (Felleslista) i lokalvalet, fekk ein ny grafisk profil, og tilsette ein eigen valkampsekretær.
Ved kommunevala i 1995 fekk MDG 2 representantar i Kristiansand og Halden, ein på Nesodden og ein i Trondheim. Eit nytt mandat kom til i Tromsø, medan representanten i Bærum gjekk tapt.
I perioden 1995–2001 var Miljøpartiet Dei Grøne i posisjon i Halden. Dei var med i ei såkalla borgarleg gruppe som omfatta Høgre, KrF, Dei Grøne, Senterpartiet og Venstre og som styrde Halden i 6 år. I 2001 sprakk samarbeidet og Dei Grøne har seinare uttalt at eit samarbeid med FrP er uaktuelt igjen.
I perioden 2003–2007 samarbeider MDG i Halden hovudsakleg med SV, Sp og RV, men også med KrF, Pensjonistpartiet og Venstre. Dette er opposisjonspartia i Halden.
Før stortingsvalet i 2005 vurderte Natur og Ungdom stortingskandidatane frå dei ymse partia. Miljøpartiet Dei Grøne og Raud Valallianse var dei einaste partia som fekk høgaste karakter, 6.
Organisasjonar [endre]
Mange av medlemmene er med i ein eller fleire miljøvernorganisasjonar i tillegg til partiet. I Halden er det fleire frå både Naturvernforbundet og dyrevernrørsla på partilista.
Systerparti [endre]
Dei Grøne i Noreg er medlemmer i European Greens.
- Belgia: Agalev (flamsk)/Ecolo (fransk)
- Danmark: danske De Grønne
- Finland: Gröna förbundet (svensk)/Vihreä Liitto (finsk)
- Frankrike: franske Les Verts
- Irland: irske The Green Party
- Italia: Federazione Dei Verdi
- Kypros: Dei grøne på Kypros
- Luxembourg: Déi Gréng
- Nederland: De Groenen
- Portugal: Os Verdes
- Skottland: The Scottish Green Party
- Storbritannia: engelske The Green Party
- Sveits: sveitsiske Die Grünen/sveitsiske Les Verts
- Sverige: Miljöpartiet de gröna
- Tyskland: Bündnis 90/tyske Die Grünen
- Ukraina: ukrainske De Grønne
- Austerrike: austerrikske Die Grünen
Statistikk [endre]
Partileiarar [endre]
Partiet har ikkje partileiarar, men to talspersonar, av dei minst éi kvinne.
- (...)
- 1993–1994: Jan Bojer Vindheim (leiar)
- (...)
- 1995–1996: Ane Aadland og Arne Gravanes
- 1996–1997: Ane Aadland og Arne Gravanes
- (...)
- 1998–1999: Birte Simonsen og Brynmor Evans
- 1999–2000: Lisa Fröyland og Gunter Scholz
- 2000–2001: Lisa Fröyland og Tove Funderud Johansen
- 2001–2002: Lisa Fröyland og Jan Bojer Vindheim
- 2002–2003: Birte Simonsen og Jan Bojer Vindheim
- 2003–2004: Birte Simonsen og Jan Bojer Vindheim
- 2004–2005: Trude Malthe Thommasen og Brynmor Evans
- 2005–2006: Trude Malthe Thomassen og Gaute Busch
- 2006–2007: Trude Malthe Thomassen og Mats Indrefjord Høllesli
- 2007–2008: Birte Simonsen og Jan Bojer Vindheim
- 2008–2009: Hanna Elise Marcussen og Sondre Båtstrand
- 2009–2010: Hanna Elise Marcussen og Sondre Båtstrand
- 2010–2011: Hanna Elise Marcussen og Sondre Båtstrand
- 2011–2012: Hanna Elise Marcussen og Harald August Nissen
- 2012–: Hanna Elise Marcussen og Harald August Nissen
Valoppslutning [endre]
Kommune- og fylkestingsval [endre]
Valet 2003 [endre]
Til fylkestingsvalet hadde partiet eiga liste i 9 fylke. 4799 røyster (0,2 %) gav ingen fylkestingsmandat. Felleslister med Raud Valallianse i Vest-Agder og Akershus, og med Senterpartiet i Oslo, gav heller ikkje utteljing.
Til kommunevalet hadde partiet liste i 11 kommunar. Listene fekk til saman 3526 røyster og gav i alt 7 kommunestyremandat:
- Halden kommune; 3 representantar (i 2007 redusert til 2 då den eine representanten melde seg ut or partiet)
- Kristiansand kommune; 2 representantar
- Trondheim kommune; 1 representant
- Nesodden kommune; 1 representant
Valet 2007 [endre]
Til fylkestingsvalet hadde partiet liste i 15 fylke. Trass i 12 234 røyster (0,6 %), nesten tre gonger så mange som i 2003, vart det ingen mandat. Best gjorde partiet det i Vest-Agder, med 1,8 % av røystene.
Til kommunevalet hadde partiet liste i 15 kommunar. 6953 røyster gav i alt 6 kommunestyremandat:
- Trondheim kommune; 2 representantar
- Halden kommune; 1 representant
- Kristiansand kommune; 1 representant
- Stjørdal kommune; 1 representant
- Nesodden kommune; 1 representant
Valet 2009 [endre]
Valet 2011 [endre]
Partiet fekk ein fylkestingsrepresentantar i Hordaland fylke[1], og 18 kommunestyrerepresentantar.[2]
- Nesodden kommune; 2 representantar[3]
- Trondheim kommune; 2 representantar[4]
- Aurland kommune; 1 representant[5]
- Bergen kommune; 1 representant[6]
- Flakstad kommune; 1 representant[7]
- Halden kommune; 1 representant[8]
- Kristiansand kommune; 1 representant[9]
- Lillehammer kommune; 1 representant[10]
- Mandal kommune; 1 representant[11]
- Meland kommune; 1 representant[12]
- Oslo kommune; 1 representant[13]
- Porsgrunn kommune; 1 representant[14]
- Stavanger kommune; 1 representant[15]
- Tromsø kommune; 1 representant[16]
- Vestvågøy kommune; 1 representant[17]
- Ås kommune; 1 representant[18]
Referansar [endre]
- ↑ Resultat for Hordaland, Fylkestingsvalet, på nettstaden regjeringen.no
- ↑ «De grønne jubler», nrk.no
- ↑ Resultat for Nesodden i Akershus, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Trondheim i Sør-Trøndelag, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Aurland i Sogn og Fjordane, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Bergen i Hordaland, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Flakstad i Nordland, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Halden i Østfold, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Kristiansand i Vest-Agder, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Lillehammer i Oppland, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Mandal i Vest-Agder, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Meland i Hordaland, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Oslo, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Porsgrunn i Telemark, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Stavanger i Rogland, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Tromsø i Troms, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Vestvågøy i Nordland, kommunestyrevalet
- ↑ Resultat for Ås i Akershus, kommunestyrevalet
Bakgrunnsstoff [endre]
| Politiske parti i Noreg | ||||||
| Sosialistisk venstreparti | Arbeidarpartiet | Senterpartiet | Venstre | Kristeleg folkeparti | Høgre | Framstegspartiet |
| Abort-motstandernes liste | Demokratane | Kristent samlingsparti | Kystpartiet | Det liberale folkepartiet (DLF) | Miljøpartiet Dei Grøne | Naturlovpartiet | Norges kommunistiske parti (NKP) | Pensjonistpartiet | Raudt | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet | Sentrumsalliansen | ||||||