Jan Fischer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jan Fischer

Jan Fischer (fødd 2. januar 1951) er ein tsjekkisk økonom og statistikar som var statsminister i Tsjekkia frå 8. mai 2009 til 28. juni 2010.

Fischer vart fødd i Praha i ein jødisk familie. Han fullførte utdanninga si ved det økonomiske universitetet i Praha i 1974. Frå 1980 til 1989 var han medlem i Det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet. Etter studiet jobba han i det tsjekkoslovakiske statistiske sentralbyrået, som han var leiar for frå 1990 til splittinga av landet i 1993. I april 2003 vart han leiar for det statistiske sentralbyrået i Tsjekkia (Český statistický úřad).

Etter at regjeringa til Mirek Topolánek fall i mars 2009 fekk Fischer i oppdrag å skipa ei partiuavhengig regjering av ekspertar, som skal styra fram til det blir halde nyval i oktober 2009. Regjeringa vart innsett den 8. mai. Fischer overtok dermed òg den rullerande stillinga som formann for Det europeiske rådet fram til 30. juni 2009.

Fischer er gift og har tre born.