Det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det tsjekkoslovakiske kommunistpartiet (Komunistická strana Československa) hadde makta i Tsjekkoslovakia frå 1948 til 1989.

Partiet vart skipa i 1921, då venstrefløya i Det tsjekkoslovakiske sosialdemokratiske partiet (Československé sociální demokracie - ČSSD) braut ut. Første leiaren var Bohumir Smeral. I 1929 vart leiinga i partiet overteken av ei gruppe stalinistar med Klement Gottwald i brodden, og då gjekk mange av dei som hadde vore med i partiet frå starten ut, og partiet mista òg mange veljarar.

På slutten av 1930-talet vart partiet forbode. Det vart då etablert eit eige slovakisk kommunistparti (KSS) i ein periode. Under krigen vart kommunistane i heile Tsjekkoslovakia etter kvart ei leiande kraft i motstandskampen mot nazistane. Om lag 30 000 tsjekkoslovakiske kommunistar mista livet i motstandskampen.

Som motstandsparti vart kommunistpartiet i 1945 del av Nasjonalfronten som skipa regjering i det frigjorte landet. Partiet hadde stor vekt i regjeringa, då òg det formelt sjølvstendige KSS fekk representantar der. Kommunistane røysta for framlegget frå sosialdemokratane om å nasjonalisere alle verksemder med meir enn 50 tilsette, pluss heile bankvesenet.

Maktovertakinga til kommunistane var ein prosess som starta etter valet i 1946, då dei vart største partiet. Nøkkelposisjonar i politiet og hæren, og ikkje minst i den nystarta folke-militsen Lidové milice vart fylte med kommunistar og kommunistsympatisørar. Kommunistane hadde òg informantar i andre parti.

Den endelege avgjerda kom 25. februar 1948. Fleirtalet i nasjonalforsamlinga godkjende omforminga av regjeringa, som no stod under leiing av Klement Gottwald. Sosialdemokratane vart tvangssamanslegne med kommunistpartiet. Slovakiske KSS vart òg innlemma, og frå no berre ei avdeling i fellespartiet.

Stalinismen i Tsjekkoslovakia kravde fleire hundre dødsoffer. Frå 1948 til 1954 vart 241 menneske avretta. Mellom dei var «titoistiske» kommunistleiarar som til dømes Rudolf Slansky. Fleire hundre andre døydde i fengsel eller under fluktforsøk. Fleire tusen vart i løpet av regimet si levetid fengsla på politisk grunnlag. Mange mista jobben sin av politiske grunnar.

Reformeringa byrja nedanfrå i partiet frå først på 1960-talet, og toppa seg i Prahavåren. Forsøket på ein «sosialisme med menneskeleg ansikt» enda 21. august 1968 med invasjonen frå andre Warszawapaktland. I april 1969 vart reformkommunistane erstatta av folk som reverserte alle reformer, med Gustav Husak i brodden. Stordelen av medlemene vart utestengde frå partiet. Berre heilt regime-lojale menneske fekk vere partimedlemer og med det sjansen til viktige stillingar i samfunnet.

Regimet fall 17. november 1989, i det som har vorte kalla «fløyelsrevolusjonen», som gjekk føre seg utan blodspille. Tsjekkoslovakia vart òg 7. april 1992 på fredeleg vis oppløyst som stat, og Tsjekkia og Slovakia vart sjølvstendige.

Etterfølgjarorganisasjonen til det gamle kommunistpartiet er i Tsjekkia KSCM, Kommunistpartiet i Bøhmen og Mähren (Komunistická strana Čech a Moravy). Det er tredje største partiet i Tsjekkia, og fangar opp ein del av misnøya med større sosiale skilnader. I Slovakia er KSS gjenoppretta, men har hatt mindre suksess ved vala enn det tsjekkiske partiet.

Det finst òg mindre grupper som prøver å byggje vidare på dei sosialistiske reform-idéane frå 1968, såleis det tsjekkiske Partiet for Demokratisk Sosialisme, SDS.

Kjelde: I hovudsak tyskspråkleg wikipedia.