Jernmalm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Jarnmalm)
Hauger med jernmalmbitar.

Jernmalm eller jarnmalm er ein malm som blir brukt til å framstilla jern.

Dei to vanlegaste typane jernmalm er dei to jernoksida magnetitt (Fe3O4) og hematitt (Fe2O3). Ettersom begge desse i stor grad er brukte opp på verdsbasis, er det også vanleg å ta ut annan jernmalm, som takonitt. Dette er ein samansett malm der ein må fjerna dei ikkje-jernhaldige delane før jernframstillinga tek til.

I Noreg blei dei første jernmalmane vunne ut frå myrmalm. I nyare tid har ein teke ut jernmalm i mellom anna Sør-Varanger kommune (Sydvaranger AS) i Finnmark og Rana kommune (Rana Gruber AS) i Nordland.

Spire Denne mineralartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.