Hematitt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hematitt
Hematite.jpg
Hematitt (blodstein) frå Michigan i USA (ukjent skala)
Generelt
Kategori Jernoksid - mineraloksid – hematittgruppa
Kjemisk formel jern(III)oksid, Fe2O3, α-Fe2O3
Krystallsymmetri trigonal
Identifikasjon
Farge Metallisk grå til jordaktige raudtonar, svart-stålgrå; raud-rødbrun
Krystallsystem Trigonal
Kløyv Ingen
Mohs hardleiksskala 5,5-6,5
Strekfarge Sterkt raud til mørkeraud, rustbrun
Transparens Opak
Spesifikk vekt 4,9-5,3
Optiske eigenskapar
Pleokroisme Ingen
Kjelder [1][2]

Hematitt (av gresk αιματoεις, haimatoeis, som tyder 'blodig') er eit mineral av typen jernoksid med formel Fe2O3, som er kjent som det viktigaste råstoffet for framstilling av jern. Hematitt blei ofte kalla naturleg jernmalm då det har ein høg jerngehalt (rundt 65%) og kunne såleis nyttast uforedla. Hematitt blir òg kalla jernglans eller jernglimmer.

Hematitt blir ofte danna nær stilleståande vatn eller geysirar, men kan òg komme frå vulkansk aktivitet. Gråfarga hematitt som vert knust gir eit raudleg pulver. Fargen kan vere raudleg. Dette har gjeve opphav til tilnamna blodstein eller raudjernstein. Hemetitt blir ofte nytta som pigment. I form av raud oker har hematitte vore nytta til farging av måleri og tekstilar. I eldre tider kunne greske soldatar bruke blodsteinar som amulett for å stoppe blødning. Forsking har seinare påvist mineralet si evne i pulverisert form til å bidra til koagulering.

Namnet speculitt vart på romersk tid nytta om sølvskinnande polert hematitt, som da ville vere eit spegelbilde av sjela. Ved å ha sett seg sjølv i ein samanheng, ville ein lettare kunne orientere seg og finne «sin plass på jorda».

Den raude fargen på Mars kjem av store førekomstar av finkorna hematitt (først oppdaga i Terra Meridiani), og er eit viktig grunnlag for teoriar om at planeten kan ha hatt det livsnødvendige vatnet.

Regnboge-hematitt frå Brasil.

Utvinning av hematitt har skjedd mellom anna i Kiruna, Sør-Varanger, Oppdal, Ulefoss og Dunderlandsdalen.

Ved sliping av svarte hematitt-krystall får ein «svart diaman». Avrunda sliping gir populære, rimelegare smykkesteinar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]