Jelena Mukhina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jelena Mukhina


Jelena Mukhina i 1978

Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 1. juni 1960
Moskva
Død

22. desember 2006 (46 år)
Moskva

Idrett turn
Utmerkingar

Ærestegnets orden, Idrettens mester i Sovjetunionen

Jelena Vjatsjeslavovna Mukhina (1. juni 196022. desember 2006) var ein russisk turnar frå Moskva som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister i mangekamp i 1978 og fleirfaldig europameister. Sommaren 1980 braut ho nakken under trening, var sidan lam i heile kroppen.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Mukhina kom på andreplass i mangekampen ved Turn-EM 1977 i Praha, rumenske Nadia Comăneci sigra. I heile tre av øvingane: bom, frittståande og skranke sikra Mukhina seg ein gullmedalje. Året etter gjekk ho til topps i mangekampen under Turn-VM i Strasbourg, framom lagkameratane Nelli Kim og Natalja Sjaposjnikova, dessutan tok ho VM-gull i frittståande og sølv i bom og skranke. Ved europameisterskapen 1979 i København vann ho skranke-øvinga. Seinare same året braut ho venstrefoten. Mot sin vilje måtte ho byrje trene før brotet var grodd. Mellom anna vart ho sett til å øve på den vanskelege Thomas-saltoen i frittståande. Medan ho i 1980 førebudde seg til Sommar-OL i heimbyen, braut ho nakken. Ho var deretter lam frå nakken og ned.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]