Jelling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jelling er mellom anna kjend for runesteinane sine. (Foto: Jürgen Howaldt)

Jelling er ein by og kommune i Jylland som ligg om lag 10 km nordvest for Vejle.

I Jelling er det ein gamal, heiden kultstad med to store gravhaugar og restar av ei skipssetting (rader av reiste stein som markerer konturene av eit skip) som ein reknar med vart endra og omgjort til ein kristen heilagstad av kong Harald Blåtann ved at han bygde ei etter måten stor trekyrkje (stolpekyrkje) mellom gravhaugane og flytta liket av den heidne faren sin, Gorm den gamle, frå eit gravkammer i den eine av dei to gravhaugane og over til eit gravkammer under kyrkja, slik arkeologiske granskingar gir grunn til å tru. Ei kyrkje i stein frå mellomalderen står no på staden for kong Harald Blåtanns trekyrkje og etterfylgjane trekyrkjer.

To vidgjetne runesteinar, Jellingsteinane, står innafor dette gamle kultområdet. Den eine av dei, den såkalla vesle Jellingsteinen, er reist om lag år 950 av kong Gorm den gamle til minne om hustrua hans, Thyra. Den andre, den såkalla store Jellingsteinen, er reist av sonen til kong Gorm, kong Harald Blåtann. Steinen er noko for seg sjølv ved å ha tre sider, der det på den eine sida er ein runetekst ordna i vassrette liner som i ei bok. Teksten held fram med ei line på kvar av dei to andre sidene, under eit bilete av eit stort dyr på den eine av sidene, og under ei særeigen framstilling av Kristus i krossfestingsstilling utan krossen, men omslynga av ormeliknande band, på den siste sida. Av runeteksten går det fram at steinen er reist som eit minne over dei døde foreldra til kong Harald Blåtann, Gorm og Thyra, men vel så viktig er det at teksten òg er ei klår fråsegn frå kong Harald om at han hadde samla Danmark og gjorde danane kristne, og dessutan lagt Noreg under seg. På grunn av fråsegna om kristninga av danane, er steinen blitt kalla Danmarks «dåpsattest».

Denne heilagstaden, Jellingmonumenta, står i dag på UNESCO si liste over verdas kulturarv.

Jelling kommune har om lag 5 700 innbyggjarar (2005).

[endre] Sjå òg

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jelling
Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk