Jellingsteinane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei to Jellingsteinane. Den største (til venstre) med den sida som syner det store dyret omslynga av ein orm.
Den største Jellingsteinen. Sida med hovudparten av runeinnskrifta. Innskrifta er ordna i parallelle liner under kvarandre som i ei bok, som er uvanleg for innskrifter på skandinaviske runesteinar.
Den største Jellingssteinen. Sida med det store dyret omslynga av ein orm.
Den største Jellingsteinen. Sida med framstilinga av Kristus i krossfesta stilling. Runeinnskrifta er å sjå under Kristusfiguren.

Jellingsteinane er to runesteinar som står ved mellomalderkyrkja i Jelling i VejleJylland, Danmark. Den minste steinen (DR 41) vart reist av Gorm den gamle til minne om kona hans Thyra. Den største steinen (DR 42) vart reist av Gorms sin son Harald Blåtann til minne om foreldra. Området med runesteinane, kyrkja og dessutan to store gravhaugar, «Jellingmonumenta», er rekna som verdsarv av UNESCO.

Den minste Jellingsteinen[endre | endre wikiteksten]

Den minste runesteinen (DR 41) er ein om lag 1,2 meter høg granittstein som vart reist av Gorm den gamle.

Innskrifta lyder:

[Side A] : kurmR : kunukR : ¶ : k(a)(r)þi : kubl : þusi : ¶ : a(f)(t) : þurui : kunu
[Side B] ÷ sina ÷ tanmarkaR ÷ but ÷

Omsett til runedansk:

[Side A] GormR kunungR gærþi kumbl þøsi æft Þorwi, kunu
[Side B] sina, DanmarkaR bot.

Omsett til moderne norsk:

Kong Gorm gjorde dette minnesmerket etter Thyra, kona si, Danmarks pryd.

Dette er den første dokumenterte bruken av namnet Danmark i Danmark, og det er om lag 75 år etter at Alfred den store fekk nedskrive namnet dene mearc etter Ottar frå Hålogaland si forteljing.

Den største Jellingsteinen[endre | endre wikiteksten]

Den største steinen, Haralds stein, har tre flate sider (side A, B, C), og ikkje berre tekst, men òg to bilete i tillegg til ornament. På den eine sida (A) er det berre runetekst ordna i vassrette liner under kvarandre som i ei bok, medan eit stort dyr omslynga av ein orm er å sjå på den neste sida (side B), og på siste sida (side C) ei framstilling av Kristus i krossfesta stilling, men utan kross, omslynga av band.

Teksten (DR 42) lyder:

[side A] : haraltr : kunukR : baþ : kaurua ¶ kubl : þausi : aft : kurm faþur sin ¶ auk aft : þourui : muþur : sina : sa ¶ haraltr (:) ias : soR * uan * tanmaurk
[side B] ala * auk nuruiak
[side C](*) auk t(a)ni (k)(a)(r)(þ)(i) kristno

Omsett til norsk:

"Kong Harald baud gjera dette minnesmerket etter Gorm, far sin, og etter Thyra, mor si, den Harald som hadde lagt under seg heile Danmark og Noreg og som kristna danane."

Harald sin runestein er 2,43 meter høg, veg om lag 10 tonn, og kan ha teke over eit år å rista. Seinare undersøkingar har synt at runene er rista i tre ulike omgangar. Til dømes er den delen som fortel at Harald kristna Danmark, lagt til etterpå.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Jellingmonumenta om det heilage området frå heiden og tidlegkristen tid som desse to steinane høyrer til.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Jellingsteinane