Jerusalemdagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Opptog i Jerusalem under jerusalemdagen 2007.

Jerusalemdagen (hebr. jom jerusjaláim) er ein israelsk og ein mindre jødisk høgtidsdag til minne om gjenforeininga av Jerusalem i 1967. Under Seksdagarskrigen tok israelske styrker kontrollen over Gamlebyen frå Jordan den 7. juni, eller den 28. ijjár etter den jødiske kalenderen. Dagen blir feira årleg på den jødiske datoen, tre veker etter den israelske sjølvstendedagen.

Dagen blir markert med offisielle seremoniar, minnestunder for israelske soldatar som døydde under kampane for byen, og opptog gjennom Jerusalem. Skuleborn i Israel og jødiske skular andre stader lærer om den jødiske tilknytinga til byen. Festlege samlingar, song og dans er òg del av feiringa.

Overrabbinatet i Israel har erklært Jerusalemdagen som ei mindre jødisk høgtid for å takka Gud for sigeren i Seksdagarskrigen. I synagogar les ein lovseiebøna hallél. Medan ei slik markering er vanleg blant religiøse sionistar, forkastar mange harediske jødar denne og andre israelske nasjonale feiringar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]