Seksdagarskrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Seksdagarskrigen
Del av Midtausten-konflikten
1967 Six Day War - conquest of Sinai 7-8 June.jpg
Dato 5. juni 196710. juni 1967
Stad Midtausten
Krigsårsak Egyptisk blokkade av Tiransunda og den militære oppbygginga deira på Sinaihalvøya, samt utkastiinga av SN-styrkar og syrisk støtte for Fedayeen-streiftog i Israel
Resultat Israelsk siger
Partar
Israel Israel Syria Egypt
Syria Syria
Jordan Jordan
Irak Irak
Kommandantar
Israel Yitzhak Rabin,
Israel Moshe Dayan,
Israel Uzi Narkiss,
Israel Israel Tal,
Israel Mordechai Hod,
Israel Ariel Sharon
Syria Abdel Hakim Amer,
Syria Abdul Munim Riad,
Jordan Zaid ibn Shaker,
Syria Hafez al-Assad
Styrkar
264 000 (inkl. 214 000 reservetroppar)
300 kampfly
800 stridsvogner[1]
Egypt: 240 000
Syria, Jordan og Irak:307 000
957 kampfly
2504 stridsvogner[2]
Tap
800 drepne,
2563 skadde,
15 tekne til fange,
46 kampfly tapt[3]
(offisielle tap)
Egypt- 11 500 drepne 20 000 skadde, Jordan- 700 drepne og 2500 skadde, Syria- 2500 drepne og 5000 skadde, Irak- 10 drepne 30 skadde
Totalt 21 000 drepne, 45 000 skadde,
6000 tekne til fange
over 400 kampfly øydelagd
(estimat)

Seksdagarskrigen var ein krig mellom Israel, Egypt, Syria og Jordan i juni 1967. Krigen byrja med at Israel gjekk til åtak mot Egypt som like før hadde stengt Tiransundet for israelsk ferdsel. Resultatet av krigen total siger for Israel og massivt moralsk nederlag for heile den arabiske verda. Israel okkuperte den Palestinske Vestbreidda og Gaza-stripa som hadde vore under høvesvis jordansk og egyptisk administrasjon, i tillegg til Sinai-halvøya av Egypt og Golan-høgdene av Syria. Jerusalem (Al Quds), palestinarane sin hovudstad, vart annektert av Israel og gjort utilgjengeleg for dei fleste palestinarar, samt mange muslimar og kristne i regionen. I tillegg vart Suez-kanalen gjenopna for vestlege handelsfartøy. Jordan gjorde tafatt motstand mot Israel, som berre i praksis fekk Vestbreidda overlevert utan motstand. Den palestinske frigjeringsrørsla PLO var delvis blitt avvæpna av jordanske myndigheiter i forkant av krigen.

Bakgrunnen for krigen var samansett. Den sionistiske ideen om eit Stor-Israel frå det gamle testamentet var for mange israelarar ei legitimering av vidare ekspansjonisme og utviding av Israels grenser. Dei arabiske landa såg på staten Israel som illegitim sidan den er ein vestleg kolonialistisk stat som vart oppretta gjennom etnisk reinsing og fordriving av dei opphavlege innbyggjarane, palestinarane. Den uløyste statusen byggja seg gradvis opp til militær konfrontasjon. Sidan Egypts president Nasser hadde nasjonalist Suez-kanalen i 1956, hadde Israel, som alliert med Vesten eit ønskje om å gjenopne den for vestleg ferdsel og varetransport.

Kort tid etter seksdagarskrigen byrja Israel å byggje busettingar på dei okkuperte områda. Sinai-halvøya vart gjeve tilbake til Egypt i 1979 etter ein fredsavtale mellom Egypt og Israel, der Egypt garanterte fri gjennomgang gjennom Suez-kanalen, anerkjente staten Israel og gav opp all støtte til palestinarane sin sak. Resten av områda er framleis i dag okkuperte av Israel.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Geoffrey Regan, p.211
  2. Regan, p.211
  3. Arab - Israeli Aircraft Losses