Jinhua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jinhua si plassering i Zhejiang

Jinhua (kinesisk: 金华市, pinyin: Jīnhuá Shì) er ein by på prefekturnivå sentralt i provinsen Zhejiang i Folkerepublikken Kina. Byprefekturet har eit areal på 10 900 km² og 4 614 100 innbyggjarar (2003). Jinhua består av to bydistrikt, fire byfylke og tre fylke.

Jinhua har ein velutvikla økonomi. Området er kjent for sine matspesialitetar jinhuaskinke og 'dousha subing', det siste er eit søtleg bakverk av raude bønner.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Kinas riksveg 330 går gjennom området. Han fører nordvestover frå Wenzhou i Zhejiang til Shouchang i Jiande i same provinsen.