Johan W. Munthe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Johan W. Munthe

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. juli 1864
Bergen
Død

18. desember 1935 (71 år)
Beijing

Yrke kunstsamlar

Johan Wilhelm Normann Munthe (27. juli 186413. mai 1935) var ein norsk-kinesisk offiser og kunstsamlar, fødd i Bergen og død i Beijing.

Munthe var son til ein kjøpmann i Bergen. Ti år gammal vart han farlaus og mor hans byrja livnære familien som «Brændevinskjænker»[1]. Noko seinare flytta Munthe til ein morbror i Kristiania som var offiser i det militære. Åra 1884-86 gjekk Munthe på underoffiserskule i kavaleriet. Etter å ha teke eksamen reiste han til Kina, der han arbeidde i hæren og ei tid i tollvesenet. Ein einaste gong var han sidan tilbake i Noreg.

Munthe deltok i 1894-95 i krigen mot Japan, ein krig som gjaldt makt over Korea. I 1900 gjekk han i russisk teneste og for den såkalla Åttenasjonaralliansen, ein allianse som slo ned Boksaroppstanden. Året etter gjekk han tilbake til den kinesiske hæren og vart til sist utnemnd til generalmajor. I 1909 tok han avskil frå hæren og var deretter tolldirektør i Tianjin i 1910-11. Frå 1911 til -16 var han atter i hærteneste, då som generalløytnant og rådgjevar for Kinas fyrste president, Yuan Shukai. Sidan var han vaktkommandant for ambassadeområdet i Bejing, og dreiv på 1920-talet også bank.

Gjennom fleire tiår samla Munthe kunstgjenstandar i porselen, bronse og jade, og biletkunst. Omkring 2 500 gjenstandar vart donerte til Vestlandske Kunstindustrimuseum i Bergen, som no er ein part av kunstmuseet KODE.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Omsetting fra Wikipedia på andre språk

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]