Porselen
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eggforma porselensisolator brukt til å gjera fast og isolera luftleidningar og radioantennar.
Foto: ほくなん
Foto: ほくなん
Porselen er eit sterkt, vanlegvis kvitleg keramisk materiale som blir brukt i samanhengar der ein treng eit hardt, solid og formbart materiale. Det er motstandsdyktig mot kjemisk påverking og varmesjokk, og kan minna om glas fordi det er gjennomskinneleg og skjørt. Porselen blir som oftast laga ved at ein varmer leiretypen kaolin og knust feltspat, ein type stein, til temperaturar mellom 1 200 °C og 1 400 °C i ein keramikkomn. Ein finn særleg porselen i servise, baderomsmøbel, fliser, som falske tenner og som elektrisk isolator.
Namnet porselen kjem frå likskapen til cowrie-skjel, på eldre italiensk porcellana, 'som ei lita purke (gris)'.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Porselen» frå Wikipedia på bokmål, og «Porcelain» frå Engelsk Wikipedia den 19. mars 2008.
[endre] Bakgrunnsstoff
Denne teknologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

