Johann Bernoulli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Johann Bernoulli

Johann Bernoulli (27. juli 16671. januar 1748) var ein sveitsisk matematikar. Han var broren til Jakob Bernoulli, og faren til Daniel Bernoulli (som Bernoulli-prinsippet er kalla opp etter) og Nikolaus II Bernoulli. Har er òg kjent som Jean eller John Bernoulli. Han underviste den store matematikaren Leonhard Euler i ungdomen hans.

Tidleg liv og utdanning[endre | endre wikiteksten]

Johann byrja å studere medisin ved Universitetet i Basel. Faren hans ynskte at han skulle studere handel og ta over familien sin krydderhandel, men Johann Bernoulli mislikte handel, og overtydde faren om at han skulle la han studere medisin i staden. Men Johann Bernoulli likte ikkje medisin heller, og byrja å studere matematikk på sidan, saman med den eldre broren sin.[1] Medan han studerte på Universitetet i Basel, brukte Bernoulli-brørne mykje tid på å studere kalkulus som nyleg var oppdaga. Dei var blant dei første matematikarane som ikkje berre studerte og forstod kalkulus, men som òg nytta det til diverse problem.[2]

Det vaksne livet hans[endre | endre wikiteksten]

Etter at han avslutta utdanninga på Universitetet i Basel, flytta Johann Bernoulli til Genève for å undervise i differensiallikningar. Seinare, i 1694, gifta han seg med Dorothea Falkner, og kort tid etterpå aksepterte han ei stilling som professor i matematikk på Universitetet i Groningen. Etter førespurnad frå svigerfaren sin, drog han ut på ei ferd tilbake til heimbyen sin Basel i 1705. Like etter at han drog ut, fekk han vita at broren hadde døydd av tuberkulose. Johann Bernoulli hadde planlagt å bli professor i gresk på Universitetet i Basel, men kunne i staden for ta over professoratet i matematikk, som var den tidlegare stillinga til broren hans. Som ein student av Leibniz’ kalkulus, tok Johann Bernoulli parti med han i 1713 i debatten mellom Newton og Leibniz, om kven som hadde rett til å bli rekna som oppdagaren av kalkulus. Johann Bernoulli forsvarte Leibniz ved å vise at han hadde løyst visse problem med metodane sine, som Newton ikkje hadde klart å løyse.

Familierivalar[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Jakob og Johann arbeidde saman før Johann vart ferdig med studia på Universitetet i Basel, utvikla dei snart eit tilhøve prega av misunning og konkurranse. Johann var misunneleg på stillinga til Jakobog dei to prøvde ofte å overgå kvarandre. Etter Jakob døydde gjekk sjalusien til Johann over til den talentfulle sonen, Daniel. I 1738 publiserte faren og sonen nestan samstundes kvart sitt verk om hydrodynamikk. Johann Bernoulli prøvde å ta presedens over sonen sin, ved å tilbakedatere verket med to år.

Bidrag til matematikk[endre | endre wikiteksten]

I 1691 gav Johann Bernoulli næring til spenninga mellom han sjølv og broren, då han løyste katenoide-problemet, som Jakob hadde stilt. I 1696 stilte Johann brachistrocrhone-problemet, sjølv om han alt hadde løyst problemet sjølv. Innan to år mottok han fem svar, eit av dei frå den eldre broren sin Jakob.

L’Hôpital-kontroversen[endre | endre wikiteksten]

Bernoulli vart tilsett av Guillaume François Antoine de L'Hôpital for å undervise han i matematikk. Bernoulli og L'Hôpital skreiv under ein kontrakt som gav L'Hôpital lov til å bruke oppdagingane til Bernoulli som det passa han. L'Hôpital skreiv den første læreboka i kalkulus, som hovudsakleg bestod av arbeida til Bernoulli, inklusive det som no er kjent som L'Hôpitals regel.[3][4][5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A Short History of Mathematics, av V. Sanford, Houghton, Mifflin Company, (1958)
  2. The Bernoulli Family, av H. Bernhard, Doubleday, Page & Company, (1938)
  3. The Story of a Number, av Eli Maor, Princeton University Press, Princeton, (1998) p. 116, ISBN 0-691-05854-7
  4. The Mathematics of Great Amateurs, av Julian Lowell Coolidge, Dover, New York, (1963), pp. 154-163
  5. A Source Book in Mathematics, 1200-1800, ed. D. J. Struck, Harvard University Press, Cambridge, MA, (1969), pp.312-316

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Johann Bernoulli