Johann Jakob Biedermann

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Balm bei Meiringen

Johann Jakob Biedermann, (7. august 176310. april 1830), var ein sveitsisk kunstmålar, grafikar og raderar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Biedermann var fødd i Winterthur i Sveits. Han fekk sine første teikneleksjonar hos Rudolf Schellenberg i heimbyen. År 1778 var han elev hos landskaps- og dyremålaren Heinrich Rieter i Bern. I Bern ernærte han seg som kunstlærar og portrettmålar. I 1783 budde han i Lausanne og Genève. Då franske troppar invaderte Sveits i 1798 vart Biedermann tvinga til mellombels å avbryte arbeidet som kunstmålar.

Frå 1796 laga han to seriar med 15 ark som viste dei viktigaste stadene i den gamle, sveitsiske konføderasjonen. I 1801 arbeidde han i Zürich, 1802 i Paris og frå 1802 til 1807 i Konstanz. På sistnemnde stad måla han portrett og landskap på oppdrag for Ignaz Heinrich von Wessenberg. År 1807 var han ein tur til Frankfurt, 1807-1814 budde han i Basel. Åra 1814-24 budde han på ny i Konstanz. Dei siste tre leveåra budde han i Zürich, der han døydde.

I tillegg til ei rekke oljemåleri, hovudsakleg av landskap, skapte Biedermann ein del sjanger- og kostymebilete, og han laga mange grafiske arbeid.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Johann Jakob Biedermann