Konstanz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Konstanz
Konstanz Blick vom Münsterturm.jpg
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Konstanz
Konstanz is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Freiburg
Konstanz
Grunnlagd Rundt år 100 e.kr.
Ordførar Ulrich Burchardt (CDU)
Geografi
Flatevidd
 - By

55,65 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

79 645
  1 431/km²
Koordinatar 47°40′0″N 9°11′0″EKoordinatar: 47°40′0″N 9°11′0″E
Høgd over havet 405 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 78462-78467
Telefon-retningsnummer 07531, 07533
Bilnummer KN
Heimeside: www.konstanz.de

Konstanz er ein by heilt sør i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 79 000 innbyggjarar ved den vestlege breidda til Bodensjøen og grensa til Sveits.

Konstanz ligg ved elva Rhinen, som renn gjennom Bodensjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første spora etter siviliasjon i Konstanz går tilbake til seint i steinalderen.

Rundt år 100 e.kr. slo romarar seg ned i her, og namnet, som opphavleg var Constantia, kom frå keisar Constantius Chlorus som kjempa mot alemannarane i området og bygde festningsverk i byen.

Rundt 585 kom den første biskopen til Konstanz og markerte starten på byen som eit andeleg senter.

Konstanz eigde den einaste brua over Rhinen i området, og blømde som ein handelsstad i løpet av mellomalderen. Lin som vart produsert i byen fekk internasjonalt rykte og byen vart velståande. I 1192 fekk Konstanz status som fri keisarby, og var derfor direkte underlagt keisaren.

I 1414-1418 fann rådet i Konstanz stad. Under eit av desse, den 6. juli 1415 vart Jan Hus, som av kyrkja vart sett på som ein trugsel mot kristendommen, brend på bålet. Det var her Det vestlege skisma vart enda og pave Martin V vart vald under den einaste konklaven halde nord for Alpane. Konzilgebäude der konklaven vart halde kan ein framleis sjå i dag.

I 1460 erobra Det sveitsiske edsforbundet Thurgau, området rundt Konstanz. Konstanz prøvde så å få verte ein del av Sveits, men skogkantonane stemde imot sidan dei frykta at bykantonane ville få for mykje makt. Konstanz vart dermed med i Det schwabiske forbundet. I den schwabiske krigen i 1499 mista Konstanz alle privilegiane sine.

Reformasjonen gjorde sitt inntog i Konstanz i 1520-åra, leia av Ambrosius Blarer, og like etter erklærte byen seg offisielt for protestantisk. Biskopen vart då mellombels flytta til Meersburg, ein liten by på andre sida av innsjøen. Byen følgde først Confessio Tetrapolitana, og så Confessio Augustana. I 1548 gjorde Keisar Karl V byen Reichsacht (fredlaus) og byen måtte overgje seg til Habsburgmonarkiet som med ein gong gjekk til åtak på byen. Konstanz mista dermed statusen sin som fri keisarby.

Habsburgherskarane ville gjeninnføre katolismen i byen, og opna eit jesuittuniversitet her i 1604. Teateret som følgde med, bygd i 1610, er det eldste teateret i Tyskland som framleis er i dagleg drift.

I 1821 vart bispedømet Konstanz oppløyst og vart ein del av erkebispedømet Freiburg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Konstanz

Kjelder[endre | endre wikiteksten]