John Keats

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Keats teikna av Charles Brown.

John Keats (31. oktober 179523. februar 1821) var ein engelsk diktar under romantikken. Trass i ei kort verketid var han ein av dei viktigaste diktarane frå den andre generasjonen av romantiske diktarar i England, saman med Lord Byron og Percy Bysshe Shelley.

Keats blei først utgjeven berre fire år før han døydde, og dikta hans hadde ikkje fått god kritisk mottaking. I ettertid voks omdømet hans, og ved slutten av 1800-talet var han rekna som ein av dei mest elska engelske diktarane. Dikta hans har vore populære fram til våre dagar, og har påverka ei rekkje ulike diktarar og andre forfattarar.

Diktet «Bright Star» skrive av John Keats.
Shed no tear! O shed no tear!
The flower will bloom another year.
Weep no more! O weep no more!
Young buds sleep in the root’s white core.
Dry your eyes! O dry your eyes,
For I was taught in Paradise
To ease my breast of melodies —
Shed no tear.
«Faery Songs»

Verk[endre | endre wikiteksten]

John Keats fekk sine første dikt trykte i The Examiner, eit tidsskrift drive av den radikale Leigh Hunt. Han gav ut si første diktsamling, Poems, i 1817, og Endymion i 1818.

Keats er særleg kjend for ei rekkje odar, som «Ode on a Grecian Urn», «Ode on Indolence», «Ode on Melancholy» og «Ode to a Nightingale» (alle frå 1819). Han fann inspirasjon både i klassisk gresk kultur og i europeisk mellomalderdikting, som Edmund Spenser («Imitation of Spenser», 1814), omsetjaren George Chapman («On First Looking into Chapman's Homer», 1816) og Alain Chartier (som gav tittelen til «La Belle Dame sans Merci»).

Keats er også kjend som ein fin brevskrivar, og kom mellom anna ofte tilbake til hans syn på vesenet til poesien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av John Keats ved Wikisource.

Keats på norsk[endre | endre wikiteksten]

  • Nordahl Grieg: De unge døde. Keats, Shelley, Byron, Brooke, Sorley, Owen, med oversettelse av deres diktning. Oslo: Gyldendal, 1932
  • Endymion. En poetisk romanse; gjendikta og med etterord av Geir Uthaug. Oslo: Aschehoug, 2003 ISBN 82-03-18288-7
  • Nils-Øivind Haagensen: Brev til Fanny Brawne. Oslo: Flamme forlag, 2009

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.