John William Waterhouse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
John William Waterhouse

Statsborgarskap Kongedømet Italia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Fødd 6. april 1849
Roma
Død

11. februar 1917 (67 år)
London

Yrke kunstmålar, bygningstegner
Språk engelsk
Medlem av Royal Academy of Arts
Ektefelle Esther Kenworthy Waterhouse
John William Waterhouse på Commons

John William Waterhouse (6. april 184910. februar 1917) var ein engelsk målar kjend for ei rekkje vakre tablå av tragiske eller vondskapsfulle kvinner frå legender og historie. Han blir ofte kalla ein prerafaelitt, men høyrer like gjerne heime i den romantiske rørsla, og kan reknast som ein klassisist for motivvala sine.

Gather ye rosebuds while ye may frå 1909, inspirert av eit sekstenhundretalsdikt av Robert Herrick.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Waterhouse var sonen til William og Isabela Waterhouse, som begge var målarar. Han blei fødd i Roma, men familien flytta til London då han var fem. John studerte kunst med far sin og blei oppmuntra til å vitja kunstmusea i området. Her trente han seg opp til å teikna opp att vakre måleri frå minnet, noko som seinare ville hjelpa han til å hugsa scenar som målar. Waterhouse ville først bli bilethoggar, men via seg seinare til målarkunsten.

Sleep and His Half-Brother Death, 1874.

I 1870 blei den unge kunstnaren teken opp ved Royal Academy of Arts, det kongelege akademiet. Han viste fram verka sine på fleire av sommarutstillingane det heldt, og fekk sin første store suksess med allegorien Sleep and His Half-Brother Death i 1874. Etter dette stilte han ut ved Royal Academey nesten kvart år fram til han døydde. Han fekk den prestisjefylte statusen som fullverdig medlem av akademiet i 1895. Han blei etter kvart medlem i akademirådet og underviste ved St. John's Wood Art School.

I 1883 gifta Waterhouse seg med Esther Kenworthy, som òg var kunstmålar. Paret fekk ingen born. Waterhouse fortsette målargjerninga si fram til han døydde i 1917. Han er gravlagd i Kensal Green Cemetery i London.

Kunst[endre | endre wikiteksten]

The Lady of Shalott, 1888.

Bileta til Waterhouse er prega av naturtru, men romantiserte skikkelsar, hovudsakleg kvinner med flagrande langt hår og klede. Målaren var opptatt av fargar, og arbeidde ofte ute for å få dei så naturlege som mogleg.

Nokre av verka til Waterhouse er svært velkjende, ettersom dei blitt reproduserte fleire gonger. Dette gjeld mellom anna The Lady of Shalott (1888), inspirert av diktet til Tennyson, og Hylas and the Nymphs frå den greske gudeverda.

Waterhouse måla òg portrett som er mindre påakta enn dei litterære og mytologiske verka hans.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]