John Williams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om komponisten. For den klassiske gitaristen, sjå John Williams (1941–).
Williams på Avery Fisher Hall i 2007.

John Towner Williams (fødd 8. februar 1932) er ein USA-amerikansk pianist, dirigent og komponist, særleg innan filmmusikk. Blant filmmusikkomponistane for Hollywood-filmar er Williams ein av dei aller mest erfarne, og har ei lang rekkje storfilmar bak seg i karrieren.

Oppvekst og studietid[endre | endre wikiteksten]

John Williams voks opp i Queens i New York. Faren var jazztrommeslagar og spelte med Raymond Scott. Familien flytte til Los Angeles, California i 1948; det året John fylte 16. Etter fullført high school her, tok han til på universitetet samtidig med at han tok privattimar med komponisten Mario Castelnuovo-Tedesco. Frå 1952 var Williams i det amerikanske flyvåpenet nokre år.

Etter at tida i flyvåpenet var ferdig i 1955 flytte Williams tilbake til New York der han studerte piano ved Juilliard School. Han gifte seg i 1956 med skodespelarinna Barbara Ruick. Dei fekk tre born i lag. Ein av dei var Joseph Williams som vart ein av vokalistane til bandet Toto. Barbara døydde diverre i 1974. Williams gifte seg så opp att i 1980.

Filmmusikk[endre | endre wikiteksten]

Etter studietida ved Juilliard, flytte Williams til Los Angeles att der han fekk jobb med instrumentering ved filmstudio. Williams spelte også piano i filmmusikk, og gjorde innspelingar m.a. i lag med Henry Mancini. Ein av dei tidlegaste filmane Williams hadde bidrege med musikken til, var Daddy-O frå 1958.

Opp gjennom åra har Williams laga svært mykje musikk til filmane til Steven Spielberg. Kjende døme er Haisommer, E.T., Jurassic Park og Schindlers liste. Berre to Spielberg-filmar har ikkje filmmusikk av John Williams.

George Lucas byrja med Star Wars-filmane på 70-talet, vart John Williams igjen leigd inn som komponist. Musikken til Star Wars er vorten vidkjent, og han er ein av fleire som Williams har vunne Oscar-prisen for. Til saman vart det laga seks Star Wars-filmar, alle med musikk av Williams.

I nyare tid har Williams vorte innleigd som komponist til Harry Potter-filmane, noko det og må seiast han har lukkast med. Riktignok er det berre dei tre fyrste filmane Williams har vore komponist for, men fleire av dei musikalske temaa han har brukt, går att også i dei seinare filmane.

Filmar med musikk av Williams (utval)[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Williams

Kjelder[endre | endre wikiteksten]