Harry Potter
Harry Potter-bøkene er ein serie på sju bøker skrive av den britiske forfattaren Joanne Rowling. Alle dei sju bøkene er blitt filmatiserte, men i åtte filmar, grunna at den siste boka Deathly Hallows er delt inn i to filmar.
Innhaldsliste |
[endre] Oversyn
Harry Potter-bøkene handlar om ein gut med namnet Harry Potter som finn ut at han er ein trollmann den sommaren han fyller elleve. Han byrjar på Galtvort, ei skule for unge hekser og trollmenn. Der han skal gå i sju år, og lære korleis han kan utøve magi på ein forsvarleg og lovleg måte. Kvar bok handlar om eit år i livet til Harry. Undervegs i bøkene finn Harry ut meir og meir om si eiga bakgrunn, og om kvifor han er ein veldig spesiell gut. For sjølv i trollmannsverda er Harry berømt. Dei kallar han alle "gutten som levde".
Bøkene har blitt ein massiv suksess i mange land, og J.K. Rowling har vorte svært rik. Serien er omsett til ei rekkje språk, til og med språk som latin, gammalgresk, valisisk, irsk-gælisk og plattysk.
[endre] Bøker
- Harry Potter and the Philosopher's Stone (Harry Potter og De vises stein) (Harry Potter and the Sorcerer's Stone i USA)
- Harry Potter and the Chamber of Secrets (Harry Potter og Mysteriekammeret)
- Harry Potter and the Prisoner of Azkaban (Harry Potter og Fangen fra Azkaban)
- Harry Potter and the Goblet of Fire (Harry Potter og Ildbegeret)
- Harry Potter and the Order of the Phoenix (Harry Potter og Føniksordenen)
- Harry Potter and the Half-Blood Prince (Harry Potter og Halvblodsprinsen)
- Tida historia er lagt til:1926, 1960, 1970, 1996 til 1997
- Lansering: 2005 (over heile verda)
- Harry Potter and the Deathly Hallows (Harry Potter og Dødstalismanene)
Bøkene har blitt så populære at bokhandlarar over heile verda no held samtidige «lanseringsfestar» den dagen då Harry Potter-bøkene blir lanserte. Det tidlegaste bøkene kan bli selde enkeltvis er eit minutt over midnatt GMT (Greenwich Mean Time).
Harry Potter-bøkene er omsatt til fleire språk. På engelsk finst det ein tilpassa amerikanske versjon av samtlege bøker. Dei norske versjonane blir omsatt av Torstein Bugge Høverstad.
[endre] Utdjupande bøker
Dette er bøker J.K.Rowling har skrive, som utdjupar element du finn i bøkene om Harry Potter. Desse er av den grunn ikkje ein del av dei sju planlagte bøkene.
- The Tales of Beedle the Bard (Skaldes Skurres historier), 2008
- Fantastic Beasts and Where to Find Them (Fabeldyr og hvor de er å finne), 2001
- Quidditch Through the Ages (Rumpeldunk gjennom tidene), 2001
Merk: alle årstal er for britiske utgjevingar.
[endre] Filmar
- Harry Potter and the Philosopher's Stone (Harry Potter og De vises Stein), 2001
- Harry Potter and the Chamber of Secrets (Harry Potter og Mysteriekammeret), 2002
- Harry Potter and the Prisoner of Azkaban (Harry Potter og Fangen fra Azkaban), 2004
- Harry Potter and the Goblet of Fire (Harry Potter og Ildbegeret), 2005
- Harry Potter and the Order of the Phoenix (Harry Potter og Føniksordenen), 2007
- Harry Potter and the Half Blood Prince (Harry Potter og Halvblodsprinsen), 2009
[endre] Bakgrunnsstoff
[endre] Norske sider
[endre] Internasjonale sider
[endre] Offisielle
- Den offisielle Harry Potter-sida
- Den offisielle amerikanske Harry Potter-sida
- J.K.Rowling si offisielle side
[endre] Uoffisielle