Jordmagnetisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skjematisk teikning over feltlinjene til magnetfeltet på jorda

Jordmagnetisme eller geomagmetisme er det magnetfeltet som finst på jorda. Magnetfeltet er omtrentleg ein magnetisk dipol med den eine polen nær den geografiske nordpolen og den andre polen nær den geografiske sørpolen. Ei tenkt linje mellom ei to magnetiske polane ville helle med cirka 11,3° mot rotasjonsaksen til jorda.

Reint fysisk er den magnetiske polen som finst nær nordpolen ein magnetisk sørpol, sidan ein magnetisk nordpolen vert dradd mot denne. Av same årsak ligg i fysisk samanheng den magnetiske nordpolen til jorda nær sørpolen. I daglegtale meiner ein derimot magnetpolen ved nordpolen når ein snakkar om den magnetiske nordpolen og magnetpolen ved sørpolen når ein snakkar om den magnetiske sørpolen. Sett utanfrå vil ein kunne sjå jorda som ei magnetisert kule, der mange kraftlinjer, eller feltlinjer, strålar ut frå eitt område, den magnetiske sørpolen, og vert trekt inn mot eit anna, den magnetiske nordpolen. Retninga til feltet og variasjonane i styrken like nær jorda er særs lik det ein ville få om ein plasserte ein stavmagnet, ein magnetisk dipol, med magnetisk moment på 7,91 · 1022 Am², i sentrum av jorda. Feltet som strekkjer seg kring jorda kallar ein eit dipolfelt.

Feltstyrken ved polane er den dobbelte av styrken ved ekvator, høvesvis ca. 60 000 nT (nanotesla) og 30 000 nT ved jordoverflata. Forflyttar ein seg utover frå jorda, vil feltet minke med tredje potensen av avstanden (1/R³).

At feltet eksisterer kan truleg forklarast med dynamoteori. Det magnetiske feltet strekkjer seg titusentals av kilometer ut i rommet og dannar der magnetosfæren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]