José María Aznar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
José María Aznar

Jose María Aznar (fødd 25. februar 1953) er ein spansk politikar. Han var statsminister i Spania frå 4. mai 1996 til 17. april 2004. Han representerer partiet Partido Popular. Aznar vart fødd i Madrid, men kjem opphavleg frå Baskarland. Bestefaren Manuel Aznar Zubigaray var opphavleg baskisk nasjonalist, men vart seinare overtydd falangist og fekk høge posisjonar i Franco-Spania.

Som ung mann skildra José María Aznar seg sjølv som falangist. Han studerte jus i Madrid og arbeidde for spanske skattemyndigheiter. Aznar vart medlem av den konservative Folkealliansen (Alianza Popular) og vart innvald i parlamentet for La Rioja. Seinare vart han president for den autonome regionen Castilla y León. Det nære tilhøvet hans til Manuel Fraga førte til at han etterfylgde han som partiformann for dei konservative. Aznar omorganiserte deretter dei spanske konservative i eit nytt parti, Partido Popular, som han flytta det politiske sentrum og distanserte seg frå arva frå falangismen. Under leiinga hans melde partimedlemmene i Europaparlamentet overgang frå den konservative gruppa til det meir sentrumsorienterte kristelegdemokratiske europeiske folkepartiet.

Aznar har vorte kjend for ei tøff line mot baskiske separatistar, og for å ha gått heilhjarta inn for krigen mot Irak. Desse til tilhøva førte til at partiet hans tapte regjeringsmakta til sosialistpartiet i 2004.

Han er gift med Ana Botella Serrano og har to søner og ei dotter.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Libertad y solidaridad (1991)
  • La España en que yo creo (1995)
  • España: la segunda transición (1995)
  • Ocho años de Gobierno. Una visión personal de España (2004)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]