Madrid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg regionen Madrid
Madrid
Horisonten til Madrid
Flagget til Madrid Byvåpenet til Madrid
Flagget til Madrid Byvåpenet til Madrid
Motto
«Fui sobre agua edificada,
mis muros de fuego son.
Esta es mi insignia y blasón
»
(På vatn vart eg bygd,
mine murar er bygd av eld.
Dette er mitt banner og våpenskjold.[1][2]
)
Plassering
Madrid is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Madrid
Provins Madrid
Grunnlagd 800-talet
Borgarmeister Ana Botella
Geografi
Flatevidd
 - By
 - Storbyområde

607 km²
10506 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik
 - Storbyområde

3 213 271
  5 293,7 /km²
7 061 748
Koordinatar 40°23′″N 3°43′″WKoordinatar: 40°23′″N 3°43′″W
Høgd over havet 667 moh
Diverse annan informasjon
Postnummer 28001-28080
Telefon-retningsnummer 34 (Spania) + 91 (Madrid)
Nettstad: www.munimadrid.es

Madrid er hovudstaden og den største byen i Spania.[3] Han er den tredje størst ebyen i Den europeiske unoinen etter Stor-London og Berlin og storbyområdet er òg det tredje største i Eu etter Paris og London.[4]

Byen ligg ved elva Manzanares midt i både landet og Regionen Madrid (som utgjer byen Madrid, byområdet rundt, forstader og landsbyar). Denne regionen grensar til dei autonome regionane Castilla y León og Castilla-La Mancha. Som hovudstad i Spania er han sete for regjeringa og den spanske monarken og er det politiske senteret i landet.[5]

På grunn av den økonomiske produksjonen, levestandarden og storleiken på den økonomiske marknaden, vert Madrid rekna som eit stort finanssenterDen iberiske halvøya. Her ligg hovudkontra til dei fleste store spanske føretaka, samt hovudkvarteret til tre av dei 100 største selskapa i verda (Telefónica, Repsol-YPF, Banco Santander).[6]

Sjølv om Madrid har ein moderne infrastruktur har han bevart kjensla og utsjånaden i dei mange historiske nabolaga og gatene. Av landemerke her finn ein Palacio Real de Madrid (kongepalasset), Teatro Real (Det kongelege teateret), Buen Retiro-parken frå 1631; Nasjonalbiblioteket (grunnlagd 1712), eit arkeologisk museum og tre kunstmuseum: Prado-museumet, Museo Nacional Centro de Arte Reina Sofía, og Thyssen-Bornemisza-museumet.[7]

Folketalet i byen er kring 3,2 millionar og storbyområdet har kring 5,1 millionar innbyggjarar.[8]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Palacio Real, kongsslottet.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Madrid-området har vore busett sidan førhistorisk tid,[9] høyrte området i romartida til bispedømet Complutum (dagens Alcalá de Henares). Det er gjort arkeologiske funn i ein liten landsby frå den vestgotiske. Namnet på denne landsbyen kan ha vorte ført vidare av arabarane.[10] Opphavet til den moderne byen var på 800-taletMuhammad I gav ordre om å byggje eit lite palass på same stad som Palacio Real står i dag. Rundt dette palasset vart ein liten citadell, al-Mudaina, bygd. Nær palasset var Manzanares, som muslimane kalla «al-Majrīṭ» (arabisk المجريط, «vasskjelde»). Frå dette vart namnet på staden Majerit, som seinare utvikla seg til den moderne stavinga Madrid. Citadellen vart erobra i 1085 av den kristine kongen Alfonso VI av Castilla på veg mot Toledo. Han bygde om moskeen i byen som kyrkja Jomfrua av Almudena. I 1329 vart Cortes Generales første gong samla i byen for å gje råd til Alfonso XI av Castilla. Sefardiske jødar og maurarar budde i byen fram til dei vart drive bort mot slutten av 1400-talet.[10] Etter ei problemtid og ein stor brann, bygde Henrik III av Castilla (1379–1406) om byen og busette seg her innanfor bymurane i El Pardo. Den storslagne entréen Ferdinand og Isabella hadde til Madrid avslutta ufreden mellom Castilla og Aragón.[10]

Renessansen[endre | endre wikiteksten]

Kongedømet Castilla, med hovudstad i Toledo og kongemakta Aragón, med hovudstad i Zaragoza, vart slått saman til det moderne Spania av dei katolske monarkane dronning Isabella av Castilla og kong Ferdinand II av Aragón).[10]

Barnebarnet deira, Karl I av Spania (òg kjend som Karl V av Det tysk-romerske riket) heldt seg mest i Sevilla, og det var son til Karl, Filip II (1527–1598) som flytta hoffet til Madrid i 1561. Sjølv om han ikkje gjorde ei offentleg erklæring, vart byen i røynda hovudstad. Sevilla hadde framleis kontroll over handelen med koloniane til Spania, men Madrid kontrollerte igjen Sevilla.[11]

Bortsett frå ein kort periode, 1601-1606, då Felipe III flytta hoffet sitt til Valladolid, har Madrid stort sett hatt felles lagnad med Spania.

Petit Palace Alcalá Torre Hotel.

Under Siglo de Oro (Det gyldne hundreået), på 1500- og 1600-talet, var Madrid stort sett forskjellig frå dei andre europeiske hovudstadane, sidan folket i byen var økonomisk avhengig av det hoffet føretok seg og det ikkje føregjekk noko anna aktivitet i byen.[11]

Frå 1800-talet til i dag[endre | endre wikiteksten]

Plaza de Castilla

Seint på 1800-talet klarte ikkje Isabella II å halde tilbake spenningane som skulle utløyse ein revolusjon, Den første spanske republikken. Monarkiet vendte etter kvart tilbake til Madrid, før Den andre spanske republikken vart oppretta før den spanske borgarkrigen.[11]

Madrid var ein av byane i Spania som vart hardast råka under borgarkrigen (1936–1939). Byen var ein skanse for republikanarane frå juli 1936. Dei vestlege forstadane var åstad for eit stort slag i november 1936 og det var under borgarkrigen at Madrid vart den første byen nokon gong som vart bombardert av fly med sivile som hovudmål (sjå omleiringa av Madrid i 1936-1939).[11]

Under regimet til Francisco Franco, særleg i 1960-åra, vart dei sørlege områda av Madrid særs industrialisert og det stor utvandring frå den spanske landsbygda til byen. Den søraustlege delen av byen vart eit arbeidarklassestrøk, som var base for ei aktiv kulturell og politisk reform.[11]

Etter Franco døydde dukka dei demokratiske partia opp og aksepterte kong Juan Carlos I som både etterfølgjaren til Franco og som arving av den historiske kongefamilien - for å sikre stabilitet og demokrati. Dette førte Spania til det noverande konstitusjonelle monarkiet, med Madrid som hovudstad.[11]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Madrid

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. (på spanish)Los fuegos que conmocionaron Madrid, 2006-09-06, http://www.20minutos.es/noticia/149137/0/cronologia/incendios/madrid/, henta 4. oktober 2009 
  2. D. Ramón de Mesonero Romanos (1881). «El antiguo Madrid : paseos históricos-anedócticos por las calles y casas de esta villa». I Oficinas de la Ilustración Española y Americana. http://www.cervantesvirtual.com/servlet/SirveObras/12253853120148273432435/p0000002.htm. Henta 4. oktober 2009. 
  3. http://www.ine.es/ Instituto Nacional de Estadística
  4. «World Urban Areas: Population & Density» (PDF). Demographia. http://www.demographia.com/db-worldua.pdf. Henta 4. oktober 2009. 
  5. Madrid, Indiana.edu, 10. juli 2006, http://www.indiana.edu/~overseas/flyers/mad_ies.html 
  6. DeCarlo, Scott (30. mars 2006), The World's 2000 Largest Public Companies, Forbes, http://www.forbes.com/2006/03/29/06f2k_worlds-largest-public-companies_land.html, henta 4. oktober 2009 
  7. Madrid: mmmm, Easy expat, 11. august 2006, http://www.easyexpat.com/madrid_en/overview_geography.htm 
  8. Indicadores Socioeconómicos: Comunidad de Madrid, Ministerio de Administraciones Públicas, 11. august 2006, http://www.map.es/documentacion/politica_autonomica/info_ecofin/indicadores/ind_madrid.html 
  9. http://elmadridmedieval.jmcastellanos.com/ Førhistorisk tid i Madrid (spansk)
  10. 10,0 10,1 10,2 10,3 «El Madrid Medieval» (på spansk). History of Madrid.. José Manuel Castellanos. http://elmadridmedieval.jmcastellanos.com/. Henta 4. oktober 2009. 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 11,4 11,5 «Madrid, de territorio fronterizo a región metropolitana.». History of Madrid.. Luis Enrique Otero Carvajal (Profesor Titular de Historia Contemporánea. Universidad Complutense. Madrid). http://www.ucm.es/info/hcontemp/leoc/madrid%20I.htm#INDICE. Henta 4. oktober 2009.