Josjkar-Ola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Josjkar-Ola
Йошкар-Ола
Josjkar-Ola og elva Malaja Koksjaga
Josjkar-Ola og elva Malaja Koksjaga
Flagget til Josjkar-Ola Byvåpenet til Josjkar-Ola
Flagget til Josjkar-Ola Byvåpenet til Josjkar-Ola


Plassering
Josjkar-Ola is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Mari El
Grunnlagd
Bystatus
1584
1781
Borgarmeister Oleg Voinov
Geografi
Flatevidd
 - By

100 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

249 800
  2 498 /km²
Koordinatar 56°38′0″N 47°52′0″EKoordinatar: 56°38′0″N 47°52′0″E
Høgd over havet 100 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 424xxx
Retningsnummer (tlf) (+7)8362
Nettstad: capital.mari-el.ru

Josjkar-Ola (austm. og russ. Йошкар-Ола, utt. [jåsjkarålA], med trykk på siste stavinga, namnet tyder «Raudbyen») er hovudstaden i den mariske republikken Mari El i Russland. Byen hadde om lag 250 000 innbyggjarar i 2007. Han ligg ved elva Malaja Koksjaga, rundt 650 km aust for Moskva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det noverande namnet er det tredje namnet på byen. Han heitte Tsarjovokoksjajsk (russisk: Царёвококшайск) før 1919 og Krasnokoksjajsk (russisk: Краснококшайск) frå 1919 til 1927. Desse namna kom frå elva som renn gjennom byen.

Nasjonalteateret i Mari El

Under sovjettida, spesielt etter den andre verdskrigen, var byen eit regionalt industri- og transportsenter og voks til den noverande storleiken. Samanbrotet til Sovjetunionen fjerna kunstig støtte for ineffektive statlege verksemder og førte til at mesteparten av industriproduksjonen i området vart nedlagt. Den brå nedgangen i levestandard førte til at den best kvalifiserte arbeidskrafta flytta til andre byar i Russland.

Det ligg ein strategisk rakettbase nær byen.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Josjkar-Ola er knytt til andre byar og regionar i Russland via jernbane og bussruter. Josjkar-Ola lufthamn ligg 9 km nord for byen.

For transport innan byen finst eit nettverk av kollektivtrafikk, som består av bussar, trolleybussar og rutetaxiar (marsjrutki (russisk: маршрутки).

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

I Josjkar-Ola ligg fleire høgare utdanningsinstitusjonar, mellom anna Mari statlege universitet, Mari statlege tekniske universitet og Mari statlege pedagogiske institutt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Josjkar-Ola

Kjelder[endre | endre wikiteksten]