Joyce Banda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
President Joyce Banda i august 2012.

Joyce Hilda Banda (fødd Joyce Mtila12. april 1950) har vore president i Malawi sidan 7. april 2012. Fram til dette sat Banda som visepresident, og ho overtok presidentskapen to dagar etter at forgjengaren Bingu wa Mutharika døydde av hjarteinfarkt. Ho er den fjerde presidenten i republikken. Banda representerer People's Party (PP), eit parti ho sjølv nyleg starta opp.

Politisk liv[endre | endre wikiteksten]

Joyce Banda vart fødd i distriktet Zomba, sør i landet, men voks opp i Kenya og fekk utdanning i USA og Italia. I 2004 vart ho innvald som parlamentsmedlem, og i 2005 var ho med på skipinga av Democratic People's Party (DPP) og vart vald som generalsekretær. Frå 2006 til valet i 2009 sat ho som utanriksminister, i 2009 vart ho den fyrste kvinnelege visepresidenten i Malawi. Frå 2010 av vart ho marginalisert i partiet av di ho ikkje ville underskriva ei erklæring om at Peter Mutharika, bror til presidenten, skulle vera DPP sin presidentkandidat i 2014. Saman med andre meiningsfeller vart ho ekskludert frå partiet sjølv om ho heldt fram som visepresident i namnet. Etter nokre månader skipa Banda eit nytt politisk parti som fekk namnet People's Party, etter at høgsterett hadde avvist mange forsøk frå regjeringa si side for å få stoppa registreringa.

Bingu wa Mutharika brått døydde av hjarteinfarkt i april 2012, forsøkte fleire DPP-politikarar å forhindra at Banda skulle bli den nye presidenten, og grunngav dette med at ho vart ekskludert frå partiet. Men militærleiinga og domstolane heldt fast på at dei grunnlovsfesta rettane åt visepresidenten måtte respekterast, og Banda vart dermed den første kvinnelege presidenten i Malawi.

Joyce Banda er ein forkjempar for likestilling, og driv organisasjonen Blantyre, som arbeider for utdanning for jenter.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]