Juan Cabanilles
| Juan Cabanilles | |
![]() |
|
| Verkeleg namn | Juan Bautista José Cabanilles |
| Fødd | 6. september 1644, Algemesi nær Valencia |
| Død | 29. april 1712 (67 år), Valencia |
| Periode | Barokken |
| Sjanger | Klavermusikk |
| Yrke | Komponist |
Juan Bautista José Cabanilles (fødd 6. september 1644 i Algemesi nær Valencia, død 29. april 1712 i Valencia), òg Juan Bautista Josep eller katalansk Joan, var ein spansk organist og komponist i Valencia domkyrkje i Spania. Han vert av mange rekna som den største spanske barokkomponisten og stundom kalla den spanske Bach.
Innhaldsliste |
Biografi [endre]
Cabanilles starta truleg den musikalske karrieren sin som songar i eit kor i ei lokal kyrkje. Seinare studerte han for å verte prest i domkyrkja i Valencia, der han òg tok timar i musikk. Den 15. mai 1665, 20 år gammal, vart han assisterande organist i domkyrkja. Eit år seinare, då forgjengaren døydde, vart han så hovudorganisten. Den 22. september 1668 vart han ordinert til prest. Han heldt stillinga som organist i kyrkja i 45 år, men frå 1703 skranta helsa hans og ein måtte finne ein erstattar. Frå 1675 til 1677 tok han òg over som lærar for borna i domkyrkjekoret.
Verk [endre]
Mange av komposisjonane til Cabanilles er virtuose og avanserte for si tid, men generelt høyrer han til i den spanske orgeltradisjonen som følgde mønstera frå 1500-talet. Mesteparten av manuskripta hans finst i dag i Biblioteca de Catalunya i Barcelona. Fleire komposisjonar for orgel (tientoar, toccataer, passacagliaer, og andre verk) har overlevd, samt fleire verk for kor opp til 13 stemmer.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Juan Bautista Cabanilles» frå Wikipedia på engelsk, den 30. april 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- HOASM om Cabanilles
- Biografi på AllMusic
- Encyclopaedia Britannica om Juan Cabanilles
