Passacaglia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Passacaglia, Passacaille eller Pasacalle (spansk pasar una calle «spasere gatelangs») var opphavleg ein spansk folkedans. På 1500-talet kom dansen til Frankrike og Italia der han vart oppført scenisk.

Som musikkform er passacagliaen ofte, men ikkje alltid, basert på ein bass-ostinat i tredelt takt, vanlegvis med ein alvorleg og mollprega karakter.

Den mest kjente passacaglia frå barokken er Johann Sebastian Bach sin Passacaglia i c-moll for orgel (BWV 582). Òg Crucifixus frå Messe i H-moll er bygd opp som ein passacaglia.

Sidan seinromantikken vart det under innverknad av Bach skrive mange orgelpassacaglier, ofte med ein påfølgjande fuge. Òg nyklassisistiske komponistar nyttar seg gjerne av forma. Viktige døme er:

  • Johann Nepomuk David: Introduktion und Passacaglia über „Wach auf, wach auf du deutsches Land“
  • Sigfrid Karg-Elert: Passacaglia und Fuge über B-A-C-H op. 150
  • Flor Peeters: Passacaglia e Fuga e-Moll op. 42
  • Max Reger: Introduktion, Passacaglia und Fuge e-Moll op. 127
  • Georg Schumann: Passacaglia und Finale über B-A-C-H op. 39, Verlag F. E. C. Leuckart, Leipzig 1905 (Erstdruck)
  • Richard Wetz: Passacaglia und Fuge d-Moll op. 55

Dmitrij Sjostakovitsj skreiv nokre langsame satsar i større verk på passacaglia-forma: 2. klaversonate, 8. symfoni, 2. klavertrio, 1. fiolinkonsert. Vidare er Passacaglia d-moll op. 1 av Anton Webern og 4. sats av Johannes Brahms' 4. symfoni kjente orkesterpassacaglier.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Chaconne: ei musikkform som er nærast identisk med passacagliaen