Julia Gillard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Julia Eileen Gillard
none
Fødd 29. september 1961 (52 år)
Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia Barry i Wales, Storbritannia
Parti Australian Labor Party
Verv 27. statsminister i Australia

Julia Eileen Gillard (fødd 29. september 1961) er ein australsk politikar som i 2010 tok over som statsminister i Australia etter at ho vart vald til leiar av Australian Labor Party. Ho er Australias første kvinnelege statsminister og den første utanlandsfødde statsminister sidan Billy Hughes.[1][2][3]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Gillard er dotter av ein walisisk kolgruvearbeidar, og har Aneurin Bevan som eit politiske forbilele.[4]

Familien emigrerte i 1966 til Australia for å la dottera vakse i eit varmare klima på grunn av at ho hadde astma.[5]Dei busette seg i Adelaide. I 1978 vart Gillard uteksaminert frå Unley High School. Deretter studerte ho ved University of Adelaide før ho byrja studere kunst og juss ved University of Melbourne. Hun vart uteksaminert i 1986.

I 1987 byrja ho i advokatfirmaet Slater & Gordon i Werribee i Victoria, der ho arbeida innanfor arbeidsrett.[6] I 1990, då ho var 29 år, vart ho partnar i advokatfirmaet.[7]

Politisk virke[endre | endre wikiteksten]

Gillard vart første gong vald inn i det australske parlamentet frå ein krets i Melbourne i 1998 og seinare gjenvald i 2001, 2004 og 2007.[8]

I 2006 vart ho vald til nestleiar for Australian Labor Party og 24. juni 2010 vart ho leiar, etter at statsminister Kevin Rudd trekte seg som følgje av leiarstriden i partiet.[9]

Ho vant valet i Australia 2010 og vart statsminister.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Christian Kerr og Matthew Franklin (2010-06-13). «Julia Gillard 'honoured' to become prime minister as Kevin Rudd stands aside». Theaustralian.com.au. http://www.theaustralian.com.au/politics/labor-leadership-ballot/story-e6frgczf-1225883589139. Henta 2010-06-24. 
  2. Craig James (2010-06-20). «Julia Gillard – meet Australia’s first female PM». Switzer.com.au. http://www.switzer.com.au/business-news/news-stories/julia-gillard-meet-australias-first-female-pm/. Henta 2010-06-24. 
  3. «Backgrounder: Julia Gillard, first female PM in Australia». News.xinhuanet.com. http://news.xinhuanet.com/english2010/database/2010-06/24/c_13366573.htm. Henta 2010-06-24. 
  4. «Focus and ambition drive Gillard's success» Farm Weekly 24. juni 2010. Besøkt 24. juni 2010
  5. «Julia Gillard Interview Transcript» Australian Story 6. mars 2006. Besøkt 24. juni 2010
  6. «The Other Biography: Jacueline Kent's "The Making of Julia Gillard" by Christine Wallace». The Monthly. Schwartz Publishing. October 2009. http://www.themonthly.com.au/books-christine-wallace-other-biography-jacqueline-kent039s-quotthe-making-julia-gillardquot-2015?page=0%2C0. Henta 24 juni 2010. 
  7. Mark Davis (2010-06-24). «Focus and ambition drive Gillard's success». farmonline.com.au. http://fw.farmonline.com.au/news/nationalrural/agribusiness-and-general/political/focus-and-ambition-drive-gillards-success/1867160.aspx. Henta 2010-06-24. 
  8. CV hos det australske parlamentet. Besøkt 24. juni 2010
  9. «Julia Gillard er Australias første kvinnelige statsminister», Aftenposten 24. juni 2010. Besøkt 24. juni 2010