Justin Gatlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Justin Gatlin etter VM-siger. Helsingfors, 2005.

Justin Gatlin (fødd 10. februar 1982) er ein sprintar frå USA. Han tevlar i både 100 meter og 200 meter sprint.

Gatlin har tidlegare delteke i sommar-OL 2004 i Aten, der han vann gull på 100 meter og bronse på 200 meter i tillegg til sølv på 4 x 100 meter stafett. Under VM i friidrett 2005 i Helsingfors tok Gatlin gull på både 100 meter og 200 meter. I 2006 var han ein hundredel frå å setja ny verdsrekord på 100 meter, før han same året vart teken i doping. Opphavleg vart Gatlin utestengd frå idretten i åtte år, men straffa vart seinare korta ned til fire år. [1] Gatlin gjekk difor glipp av m.a. sommar-OL 2008 i Beijing.

Gatlins personlege rekord på hundremeter er på 9,79. Denne rekorden sette han i finalen under sommar-OL 2012 i London der han greidde tredjeplass og bronse bak Yohan Blake og Usain Bolt. Rekorden hans på 200 meter er på 19, 86.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]