Usain Bolt
Usain Bolt (fødd 21. august 1986) er ein jamaicansk sprinter som har sett fleire verdsrekordar og vunne fleire meisterskap, mellom anna OL. I engelskspråklege media vert han kalla «The Lightning Bolt» ('Lynet').[1]
Bolt vart fødd i Trelawny på Jamaica. Som 15-åring vann han ein gull- og to sølvmedaljar i juniorverdsmeisterskapen i friidrett i 2002 på heimebane i Kingston på Jamaica. I 2004 sprang han 200 meter på 19,93 sekund, og vart dermed den første junioren som sprang 200 meter på under 20 sekund. I 2007 sette han ny jamaicansk rekord på 200 meter med 19,75 sekund. I verdsmeisterskapen i friidrett i Osaka i 2007 vann han sølv på 200 meter, bak amerikanske Tyson Gay.
Bolt tok sin første verdsrekord på 100-meter den 31. mai 2008, med tida 9,72 sekund då han sprang på stemnet Reebok Grand Prix i New York. Dette var berre det femte seniorløpet hans på denne distansen. Under OL i Beijing i 2008 sette han nye verdsrekordar både på 100-meter (9,69 s) og 200-meter (19,30 s). Eitt år seinare, i august 2009, slo han begge desse rekordane med 9,58 s og 19,19 s under Verdsmeisterskapen i friidrett.
Bolt vert trena av Glen Mills og studerer ved University of Technology på Jamaica.
Innhaldsliste |
[endre] Personleg rekord
(Per 27. juli 2008)
| Dato | Distanse | Stad | Tid (sekund) |
|---|---|---|---|
| 31. mai 2008 | 100 m | Berlin | 9,58 |
| 150 m | 14,35 | Manchester | |
| 13. juli 2008 | 200 m | Athen i Hellas | 19,19 |
| 5. mai 2007 | 400 m | Kingston på Jamaica | 45,28 |
[endre] Merittliste
| År | Turnering | Stad | Resultat | Distanse | Tid (sekund) |
|---|---|---|---|---|---|
| 2002 | Juniorverdsmeisterskap | Kingston på Jamaica | 1. | 200 meter | 20,61 |
| 2002 | Juniorverdsmeisterskap | Kingston på Jamaica | 2. | 4 × 100 m stafett | 39,15 NJR |
| 2002 | Juniorverdsmeisterskap | Kingston på Jamaica | 2. | 4 × 400 m stafett | 3:04,06 NJR |
| 2003 | Juniorverdsmeisterskap | Sherbrooke i Canada | 1. | 200 meter | 20,40 |
| 2005 | Sentralamerikansk og karibisk meisterskap | Nassau på Bahamas | 1. | 200 meter | 20,03 |
| 2007 | Verdsmeisterskap i friidrett | Osaka i Japan | 2. | 200 meter | 19,91 |
| 2008 | Reebok Grand Prix | New York i USA | 1. | 100 meter | 9,72 (Verdsrekord) |
[endre] Referansar
[endre] Bakgrunnsstoff