Juzjnaja Keltma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Juzjnaja Keltma
elv
Land  Russland
Nedslagsfelt 5 270 km²
Lengd 172 km
Munning Kama
Kart
Juzjnaja Keltma
60°28′4″ N 55°41′47″ E
Wikimedia Commons: South Keltma River

Juzjnaja Keltma eller Søndre Keltma (russisk Южная Кельтма) er ei elv i Perm kraj i Russland og ei av sideelvane til Kama frå venstre i nedslagsfeltet til Volga. Ho startar nord i Perm, nær grensa til Republikken Komi og har ei lengd på 172 km. Ho munnar ut i Kama om lag 1060 km frå munningen hennar. Elvemunningen er delt inn i fleire greiner. Juzjnaja Keltma dannar eit nedslagsfelt på 5270 km².[1]

Dei største sideelvane hennar er Dzjuritsj, Olkhovka, Verkhnij Mal og Nizjnij Mal frå venstre, og Timsjer frå høgre.

Elva frys til tidleg i november og er islagsd til slutten av april. I den øvre delen er elva smal og svingete, medan den nedre delen er brei og roleg med sanddekte breidder.

I åra 1785-1822 vart Nordre Jekaterinskij-kanalen med ei leng dpå 20 km bygd mellom Søndre Keltma og Nordlege Keltma. Kanalen var i drift i 16 år før han vart nedlagd i 1836.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]