Perm kraj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Permskij kraj
   
   
   
Perm kraj på kartet over Russland
Hovudstad Perm
Areal

- Totalt
- % vatn

Rangering: 27.

160 237 km²
Ukjent

Innbyggjartal

- totalt
- folketettleik

Rangering: 15.

ca. 2 904 000 (2003)
ca. 18,1/km²

Føderalt distrikt Privolzjskij (Volga)
Økonomisk region Ural
Regionsnummer 90
Offisielt språk Russisk
Guvernør Oleg Anatoljevitsj Tsjirkunov
Nasjonalsong  
Tidssone UTC +0500

Perm kraj (russisk Пермский край) er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Perm, arealet er 160 237 km² og innbyggjartalet er 2 904 000 (2003). Perm kraj vart danna ved samanslåinga av Perm oblast og Komi-Permjakia den 1. desember 2005.

Kultur- og handelssenter i Perm.

Perm kraj ligg helt i aust i Europa der den store russiske sletta møter Uralfjella. Det høgste punktet er 1469 meter over havet, og ligg i Ural-fjella.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Russisk busetjing i dette området starta på 1500-talet. I 1780 vart provinsen Perm oppretta. Perm oblast vart oppretta i 1938. Det autonome området Komi-Permjakia var underlagt Perm oblast. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Komi-Permjakia eit eige føderasjonssubjekt, sjølv om det framleis var tilknytt Perm oblast. I oktober 2004 vart det avheldt ei folkerøysting om full samanslåing av dei to områda, og framlegget om dette fekk fleirtal.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folketalet i Perm kraj er minkande. Det minka med 4,5 % frå 1990 til 2003 (frå 3 042 000 i 1990). Dei største byane er Perm (991 200 ibuarar) og Berezniki (156 500).[1]

Den største delen av folket er etniske russarar. Ved folketeljinga i 2010 var den etniske samansetjinga:[1]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Perm kraj
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!