Kaare Skevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kaare Skevik
Fødd26. oktober 1952 (71 år)
OpphavNoreg
Verka somskribent, musikar

Kaare Skevik jr. (fødd 26. oktober 1952) er ein norsk trommeslager, forfattar og gründer.

Karrieren[endre | endre wikiteksten]

Som musikar er han best kjent frå tida si i Prudence og deretter Åge Aleksandersen og Sambandet. Han måtte derimot gje opp musikkarrieren då han vart råka av revmatisme.[1] Han arbeidde seinare som journalist, mellom anna i Aftenposten og Dagbladet, og i 2002 utgav han ei erindringsbok om trønderrockens historie: Drunk and happy, 30 år med trønderrock.[2] Han har òg starta og drive fleire verksemder, som plateselskap, bookingbyrå, forlag og lokalavis.[3] Han er far til P3-programleiar Pia Skevik.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Prudence[endre | endre wikiteksten]

Åge Aleksandersen[endre | endre wikiteksten]

Terje Tysland[endre | endre wikiteksten]

Andre plateutgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Drunk and happy, 30 år med trønderrock. LagForlaget (2002), ISBN 9788299642002
  • Jakten på millionene (2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kai kristiansen: «Rockeren som ble investor», Adressa.no, 5. mai 2008
  2. Tom Stalsberg: «30 år med trønderrock», Dagbladet.no 10. september 2002. Vitja 9. august 2013
  3. «Vil hente inn 200 millioner på 22 uker», ABC Nyheter, 15. februar 2007. Vitja 9. august 2013