Åge Aleksandersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Åge Aleksandersen

Åge Aleksandersen i 2007
Foto: Harry Wad
Fødd 21. mars 1949
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Rock
Aktive år 1965
Yrke Songar, gitarist, låtskrivar og musikkprodusent
Plateselskap Norwave
Nettside www.levvalivet.no

Åge Aleksandersen (fødd 21. mars 1949 i Namsos) er ein norsk rockeartist (songar, gitarist, låtskrivar og musikkprodusent). Han byrja karrieren sin som ein sentral artist i Prudence frå 1968 til 1975, der han var ein av opphavsmennene til den såkalla trrønderrocken gjennom at han song på dialekten sin. Seinare har Åge Aleksandersen vorte svært kjend som soloartist med støttebandet Sambandet, som han starta i 1976.

Det var med albuma Ramp (1980) og Dains med mæ (1982) at han fekk gjennombrotet sitt, og den mestseljande plata hans er Levva livet frå 1984. Totalt har han selt nesten 1,5 millionar plater, og omtrent alle albuma hans sidan 1980 har selt til gull.

Åge Aleksandersen er i dag ein av dei mest populære rockemusikarane i Noreg, og han har hatt eit breiare publikum og ein lengre karriere enn dei fleste andre i norsk rock.[1] Han har fått fleire spellemannsprisar, mellom andre heidersprisen for 1981.

Han har òg arbeidd som musikkprodusent, mellom anna for DDE.

[endre] Diskografi

  • 1975: 7800 Namsos
  • 1976: Mot i brystet, mord i blikket, Bomben und Granaten
  • 1977: Lirekassa
  • 1979: French only
  • 1980: Ramp
  • 1981: Mølje og sodd
  • 1982: Dains me mæ
  • 1984: Levva livet
  • 1984: Lys og varme (samleplate)
  • 1985: Ljus och värme (svensk versjon)
  • 1986: Eldorado
  • 1989: Solregn
  • 1990: Sanger
  • 1991: Laika
  • 1993: Din dag
  • 1995: Med hud og hår
  • 1997: Fredløs – Dylan på norsk
  • 1999: Flyg av sted
  • 2000: Gamle ørn
  • 2000: Mit danske eventyr
  • 2001: Åge Original (dobbel samleplate)
  • 2002: Linedans
  • 2005: To skritt fram
  • 2005: 4 skritt tilbake (liveplate frå 2004-turneen)
  • 2005: Gull
  • 2006: Snöharpan (med tekstar av den svenske lyrikaren Dan Andersson)
  • 2008: Katalysator

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

  1. Hvem er hvem?, s. 20
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy
Opprett ei bok