Kaarlo Maaninka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå 5000-meterløpet under OL 1980 i Moskva; frå venstre Suleiman Nyambui (649), Miruts Yifter (191) og Kaarlo Maaninka (288)

Kaarlo Hannes Maaninka (fødd 25. desember 1953) frå Posio er ein finsk, tidlegare friidrettsutøvar som hevda seg på langdistansane. Han er kjend for sølvmedaljen på 10 000 meter og bronsemedaljen på 5 000 meter, begge frå sommar-OL 1980 i Moskva.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Maaninka tok steget inn i den nasjonale eliten av langdistanseløparar i 1977-sesongen. Han fekk då sølvmedaljen på 10 000-meteren under den nasjonale meisterskapen, bakom Martti Vainio. Året etter måtte han nøye seg med bronsemedalje på det nasjonale milløpet, men i 1979 vart han finsk meister ipå 10 000 m, med sterke karar som Lasse Viren og Martti Vainio på dei neste plassane

I den finske meisterskapen 1980 kom han på sølvplassen på både 5 000 m og 10 000 m, begge gongane vart han slått av Vainio. Under dei olympiske leikane i Moskva kring månadsskiftet juli og august 1980 vart han grundig slått på spurtrunda av Miruts Yifter frå Etiopia, men klarte å halde dei to andre etiopiske løparane bak seg i kampen om sølvmedaljen. Tida 27.44,2 er identisk med hans personlege rekord på distansen. Også på 5000 meter gjorde han sitt livs løp og fekk notert tida 13.22,0, som heldt til OL-bronse. Han var slått med eit sekund av Yifter og fire tidelar av Suleiman Nyambui frå Tanzania.

Maaninka fortalde seint i 1981 at han var bloddopa under sommarleikane i Moskva, noko som den gongen ikkje var ulovleg. Han heldt fram å tevle til 1987, men prestasjonane låg etter 1980 på eit lægre nivå. Ein bronsemedalje på 10 000 m under den finske meisterskapen i Pori i 1983 raga høgst.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • OL 1980 i Moskva: Sølvmedalje på 10000 m – 27.44,2, og bronsemedalje

på 5000 m – 13.22,0

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]