Kakerlakkar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Kakkerlakkar)
Kakkerlakkar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Overorden: Dictyoptera
Orden: Kakkerlakkar Blattodea
Brunner von Wattenwyl, 1882
Blaberus giganteus

Kakerlakkar (Blattodea, Blattoptera eller Blattaria) er ein orden insekt som er vanlege over store delar av verda. Dei fleste artane lever i tropisk regnskog, men det finst òg 40 artar som helst finst i hus. Her er dei skadedyr som kan vere svært vanskelege å bli kvitt.

Dyra har ei karakteristisk flat og oval form.

Det finst omtrent 4000 artar kakerlakk på verdsbasis, og dei vert delt inn i seks familiar. Seks artar finst i Noreg, men berre markkakerlakk Ectobius lapponicus lever her naturleg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Kakerlakkar er flattrykte ovanifrå og ovalt forma. Pronotum, ryggplata til det første segmentet på mellomkroppen, er stor og dekkjer oftast òg hovudet. Dei har bitande munndelar og lange trådforma antenner.

Kroppen til kakerlakkane er tilpassa eit springande levesett, men dei har òg vengjer. Dei fleste artane har to par; eit sett læraktige forvengjer eller dekkvengjer, og eit sett vifteaktige bakvengjer dei nyttar til å flyge med. Somme typar manglar vengjer heilt.

Bakerst på kroppen har kakerlakkane eit par fleirledda cerci (~haletrådar), hannar har i tillegg såkalla styli. Total kroppslengd på dyra varierer frå 1 til 10 centimeter avhengig av art.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Kakerlakkane er tilpassa eit levesett som raske sprintarar. Nokre av artane er altetarar, men andre er meir spesialiserte. Ein del artar har særskilde protistar i tarmane sine og nyttar dei til å bryta ned cellulose, slik at dei kan eta tre. Dette har dei til felles med slektningane sine termittane.

Dei fleste kakerlakkane lever i tropane, særleg i regnskog. Det finst òg artar som heldt til i tempererte strok, i holer, ørkenar, maurtuer eller fuglereir. Om lag 40 artar førekjem i hus. Det finst særs mange artar me ikkje veit noko som helst om biologien til.

Kakerlakkar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Eigentleg førekjem berre éin art naturleg og frittlevande (utandørs) i Noreg. Det er markkakerlakken Ectobius lapponicus, som er funnen over heile landet. Fem andre innførte artar finst likevel i landet meir eller mindre heile tida. Desse er avhengige av ein gunstig stad å leve, for dei klarer seg ikkje utandørs gjennom vinteren i Noreg. Artane kjem til Noreg ved at dei blir med heim frå feriereiser, eller dei kan følgje importerte varer, som mat.

Familiar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]