Kalypso

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Odyssevs og Kalypso av Arnold Böcklin (1883).

Kalypso (gresk Καλυψώ, «eg skal gøyme») var ei forførarisk bergnymfe i gresk mytologi som var dotter av Atlas. Ho var busett på den mistrøystige øya Ogyia midt i havet, og heldt ifølgje Homer den skipbrotne Odyssevs fanga der i sju år med venleiken sin.

Athene greip til slutt inn og bad Zevs om å påleggje Kalypso å la Odyssevs fare (jf. Odysseen). Zevs sende Hermes til henne, og Kalypso gav til slutt etter. Ho hadde lova Odyssevs evig liv om han vart verande, men han drog for å kome heim til si kjære Penelopeia, og Kalypso døydde difor av sorg. Ho fekk éin son med Odyssevs.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]