Zevs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gresk byste av Zevs.
Zevs skil Atene og Ares. Bilete på ein vase frå 500-talet f.Kr., signert av pottemakaren Nikosthenes.

Zevs (gresk Ζεύς (Zeús eller Zdeús) eller Δίας (Dias, gudekonge) er herskar over gudane i den greske mytologien, og gud over himmel og torevêr. I den romerske mytologien svarar han til Jupiter.

Mytologi[endre | endre wikiteksten]

Soga fortel at Zevs var den siste ungen til Kronos, som til då hadde svelt alle ungane kona Rhea til då hadde født. Då ho fekk Zevs klarte ho å lura Kronos til å svelja ein stein i staden, og Zevs voks opp i trygg løyndom.

Då han var blitt vaksen tvinga han eller skar opp far sin og sleppte ut dei eldre søskena sine. Han tok søster si Hera til kone. Dei fekk ungane Hefaistos, Eileithyia, Hebe og Ares saman. Elles er Zevs kjend for talrike sidesprang med andre gudinner, nymfer og menneske, både kvinner og menn. Hera var svært sjalu, og straffa elskarane, eventuelt avkom og dei som hjelpte Zevs når ho kunne.

Historisk utvikling[endre | endre wikiteksten]

Zevs var vidareutvikla frå den indoeuropeiske guden Dyeus som blei til Dyaus i den vediske gudelæra og Tyr (Ziu, Tiw, Tiwaz) i den norrøne. Den greske tilbedinga av guden har utspring i den minoiske sivilisasjonen, som kalla han for «Jordrystaren».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Zevs
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.