Kangxi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samtidig portrett av Kangxi

Kangxi (kinesisk: 康熙帝; pinyin: Kāngxīdì; tempelnavn: Qīng Shèngzǔ (清聖祖); mandsjuisk: ᡝᠯᡥᡝ ᡨᠠᡳᡶᡳᠨ elhe taifin hūwangdi;taifin; mongolsk: Энх-Амгалан хаан, fødd Xuanye, 玄燁) (4. mai 165420. desember 1722) var den fjerde keisaren av Qing-dynastiet. Han vert halde for å vere ein av største keisarane i kinesisk historie.

Kangxi vart keisar då faren Shunzhi døydde 5. februar 1661. Kangxi si regjeringstid på 61 år gjer han til den lengst-regjerande av alle kinesiske keisarar, men sidan han var knapt sju år gammal då han vart keisar var det fire regentar og bestemor hans, enke-keisarinna Xiaozhuang, som styrte Kina dei fyrste åra.

I Kangxi si tid som herskar vart Qing-Kinas territorium utvida og sikra, og landet opplevde stabilitet og folket fekk betra levekåra. Etter årevis med krig og kaos innleia Kangxi sitt styre ein periode som kinesiske sogeskrivarar kalla "Velstandstida til Kangxi og Qianlong", ein epoke som varte i fleire generasjonar etter Kangxis eiga levetid.

Kangxi slo ned Føydalherre-opprøret og tvinga kongedømmet Tungning på Taiwan til å godta Qing-dynastiet sitt overherredømme. Langs elva Amur blokkerte kinesiske militærstyrkar Tsar-Russlands frammarsj, og dei utvida keisarriket mot nordvest. Mot slutten av regjeringstida til Kangxi kontrollerte Qing-imperiet det eigentlege Kina, samt Taiwan, Mandsjuria, delar av det fjerne, austlege Russland (Ytre Mansjuria), både Indre og Ytre Mongolia, sjølve Tibet, medan Joseon-Korea var eit protektorat.

Sjølv om Kangxi må reknast som mandsju, var han av mindre enn halvt mandsjuisk avstamming – han hadde også kinesiske og mongolske forfedrar. Kangxi la stor vekt på at mandsjuar og kinesarar skulle handsamast likt, og sørgde for at kinesarane vart rimeleg godt representert i alle avdelingar av det keisarlege maktapparatet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]