Kannik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For området i Stavanger sjå: Kannik i Stavanger
Sint-Salvatorskapittel Bruges Precious Blood 2008.JPG

Kannik, òg kalla korbror, korsbror, korherre, domherre og domkapitular, er ei nemning som opphavleg vart brukt på alle geistlege som arbeidde i eit bispedøme, utanom privatkapellanar og ordensprestar. Etter kvart gjekk tittelen over til berre å bli brukt om sekularprestar som var knytt til ein katedral eller ei kollegiatkyrkje, som er ei kyrkje med eit kollegium av geistlege (domkapittel), til dømes basilikaen Sacré-Coeur de Montmartre i Paris.

Frå Augustin si tid vart det vanleg at prestane ved ein katedral levde i eit klosterliknande fellesskap, og på 800-talet utvikla domkapittelet seg til ein fast institusjon. Før 1000-talet skjedde det store utglidingar, slik at mange kannikar hadde privat eigedom og levde aleine. Frå det tidspunktet byrja ein å skilje mellom sekulære kannikar, som er knytt til ein katedral eller kollegiatkyrkje, men som lever som vanlege sekularprestar, og regulære kannikar som lever under ein ordensregel.

Domkapitla fekk etterkvart store inntekter, og kannikane vart lønt med ein nærare bestemd prebende, dvs inntekt frå nærare avgjorde delar av kyrkjegodset som kunne vere betydeleg. Dette gjorde dei økonomisk uavhengige av biskopen. Kannikane hadde òg mange rettar i kyrkjestyret, mellom anna retten til å velje biskop, ofte valt frå deira eigen midte.

I Danmark-Noreg eksisterte tittelen kannik fram til reformasjonstida. Domkapitla mista det meste av styresmakta si i kyrkjestyret under reformasjonen. Ved Konsilet i Trient vart den verdslege makta til kannikane kraftig redusert innan Den katolske kyrkja.

Tittelen er i dag særleg brukt i Den katolske kyrkja og Den engelske kyrkja. Blant dei mest kjende katolske kongregasjonane er augustinerkorherrane, laterankannikane og premonstratensarane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]