Sacré-Coeur de Montmartre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Basilique du Sacré-Cœur de Montmartre, med kampanilen (klokketårnet) til høgre i biletet og L'Église Saint-Pierre de Montmartre (Sankt Peterskyrkja på Montmartre), ei av dei eldste kyrkjene i Paris, til venstre.
Absiden i koret, med mosaikken i taket.

Sacré-Cœur de Montmartre, Basilique du Sacré-Cœur de Montmartre, er ein katolsk basilika som vart bygd i tida 1875 til 1919 på toppen av høgda Montmartre (butte Montmartre) i 18e arrondissement i Paris, hovudstaden i Frankrike.

Nemninga Sacré-Cœur (Det heilage hjarta) syner til Kristi hjarta som symbol på den guddommelege kjærleiken som manifesterte seg ved at Guds son vart menneske og gav livet sitt for menneskeætta. Det innandørs taket i apsisen i koret er dekorert med ein mosaikk som representerer Kristi heilage hjarta som den katolske kyrkja i Frankrike gjev guddomleg makt og glans ved bøn og tilbeding. Mosaikken dekkjer 473,78 rutemeter, og er den største i Frankrike, laga i åra frå 1918 til 1922.

Basilique du Sacré-Cœur de Montmartre er ei krosskyrkje med grunnplan som ein gresk kross, pryda med fire kuplar kring ein stor sentral kuppel som er 83 meter høg, med ein høg og slank lanternin på toppen. Stilen er inspirert av romansk arkitektur og arkitekturen i Austromarriket (bysantinsk arkitektur), med mellom anna særleg Cathédrale Saint-Front i sentrum av byen Périgueux i Dordogne som førebilete. Bygningen er kledd med kvit stein frå steinbrota i Château-Landon i Seine-et-Marne.

Basilikaen er òg kalla Vœu national (Nasjonalt ynske) av di det vart vedteke å byggje han med pengar som vart innsamla frå folk flest. Ved ei lov frå 24. juli 1873 i Assemblée nationale (Nasjonalforsamlinga) av 1871 for å fremje den nye moralske orden etter at Pariskommunen var fallen, vart det fastsett at bygginga av kyrkja var av offentleg interesse, og at dei truande i heile landet skulle verte bede om å gje så mykje som kvar og ein av dei kunne avsjå. Det kom etter dette inn nær på førtiseks millionar franc frå nesten ti millionar gjevarar[1].

Det vart skipa til ein arkitektkonkurranse som vart vunne av Paul Abadie, som døydde i 1884, og vart erstatta av Honoré Daumet (1884-1886), som vart erstatta av Charles Laisné (1819 -1891), som fekk utstyrt vindauga i kyrkja med glasmåleri av kunstmålaren og glaskunstnaren Émile Hirsch (1832-1904). Grunnsteinen vart lagt 16. juni 1875, skipet vart teke i bruk i 1891, men kampanilen (tårnet for kyrkjeklokkene) vart ikkje ferdig før i 1912, og heile basilikaen ikkje før i 1914 og vigsla i 1919, etter at den fyrste verdskrigen var avslutta. Den indre dekoren i basilikaen vart ikkje ferdig før i 1923. I heile denne lange perioden vart byggjearbeidet akkompagnert av sterke og vedvarande kontroversar.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Benoist, Jacques (textes réunis par) Le Sacré-Cœur de Montmartre, Un vœu national, Christine de Nantes-D'Aboville, p. 89-95

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sacré-Coeur de Montmartre