Karl Heinrich Ulrichs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Karl Heinrich Ulrichs (1899)

Karl Heinrich Ulrichs (28. august 182514. juli 1895) var ein tysk jurist og forkjempar for rettar for homoseksuelle.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Ulrichs var frå Westerfeld, i Aurich (Ostfriesland. Studerte 1844-48 teologi og juss i Göttingen, samt historie i Berlin. Som dommar i 1854 i Hildesheim blei han etteforska for "unaturleg vellyst med andre menn", og mista dermed stillinga si. I Kongeriket Hannover var homoseksualitet rett nok ikkje straffbart, men det kunne råkast av forbodet mot offentleg forarging . Han arbeida ei tid som advokat, men han fekk i 1859 også forbod mot dette. Deretter livnærte han seg som journalist og til dømes som språklærar. Han blei rekna som ein av dei beste latinkjennarane i si tid.

I 1864 publiserte Ulrichs, under psevdonymet Numa Numantius, den første av i alt 12 publikasjonar i serien Forschungen über das Räthsel der mannmännlichen Liebe, som blei forbode i enkelte tyskke statar. Her presenterte han hypotesen om ei kvinneleg sjel i ein mannleg kropp. Likekjønna kjærleik kalla han uranisme (omgrepet homoseksualitet blei første gongen nytta i 1869 av den austerriks-ungarske forfattaren Karl Maria Kertbeny ). Ulrichs vedkjente sjølv å vera ein av det han kalla urningane. Han såg dette som eit naturleg, ikkje sjukleg, anlegg, og kravde dermed straffridom for homoseksuelle handlingar.

I 1867 la han for første gong dette kravet fram offentleg, på den tyske juristkongressen i München framfor 500 deltakarar. Framlegget førte til tumultar, og han blei tvungen til å avbryta talen sin. Denne hendinga har av mange vore rekna som startskotet for rørsla for homoseksuelle rettar. Kravet hans om eit urnisk ekteskap og ideen hans om ei samanslutning av urningar blir gjerne sett på som forløparen for den organiserte homorørsla.

I 1880 drog Ulrichs i eksil til Italia, mellom anna på grunn av det vonbrotet at det prøyssiske forbodet mot likekjønna seksualitet mellom menn blei vidareført i § 175 i den tyske straffelova etter grunnlegginga av det tyske keisarriket i 1871. Han slo seg ned i Napoli, der han byrja å gi ut tidsskriftet „Alaudea“ på latin. Han arbeidde no for å oppretthalda og revitalisera latin som eit Lingua franca for intellektuelle. I juni 1883 flytte han til L'Aquila, der han døydde 12 år seinare.

På slutten av 1800-talet tok seksualforskaren Magnus Hirschfeld opp att ideane til Ulrichs, og knytte dei til sin medisinsk-biologiske teori om homoseksualitet som ein medfødd, arveleg, men ikkje-patologisk naturvariasjon.

Urningar og dioningar[endre | endre wikiteksten]

Då han såg dei eksisterande omgrepa som negativt farga, innførte Ulrichs nye omgrep. Terminologien hans bygde på talen til Pausanias i Platons Symposium , der to fromar for kjærleiksgudinner blir presentert. Den heteroseksuelle mannen kalla Ulrichs Dioning – etter gudinna Afrodite Dionea, som hadde Zevs til far og Dione som mor, og som dermed representerte ulikekjønna kjærleik.. Den homoseksuelle mannen kalla Ulrichs urning etter gudinna Afrodite Urania, som etter legenda oppstod av ulike kroppsdelar av faren hennar Uranus og dermed representerte einkjønna kjærleik. I Ulrichs sin terminologi blei lesbiske kvinner kalla urnider.

Ulrichs var overtydd om at urningane og dioningane var av ulik natur og utrrykket "unaturleg utukt" om kjærleik mellom urniske menn dermed var feil. Det var tvert om snakk om eit samband mellom to individ i følgje deira eigen natur.

Ulrichs vidareutvikla teoriane sine mellom anna på grunnlag av korrespondanse og samtalar med andre "berørte". Teoriane hans nærma seg såleis etterkvart Magnus Hirschfeld sine teoriar om at alle menneske i mindre eller større grad var kjønnslege eller seksuelle mellomtypar. Dermed kunne han skriva følgjande: „Den kjønnslege dualismen som utan unntak ligg i kjømda hjå alle menneskelege individ, kjem hjå urningar og hermafrodittar berre i høgare grad til uttrykk enn hjå den vanlege mannen og den vanlege kvinna. Hjå uraniarar kjem han vidare berre til uttrykk på ein annan måte enn hjå hermafrodittar. “ [1] [2]

"Urningsbund"[endre | endre wikiteksten]

I sitt utkast til ei sameining av urningar ("Urningsbund“) gav Ulrichs uttrykk for føremåla til ein slik organisasjon: [3] Det handla om ei solidarisk sameining av urningar som skulle kjempa for sine menneskerettar og rettsleg likestilling, å grunnlegga ein "urnisk litteratur", å kjempa for saka i dagspressa og å hjelpa enkeltindivid i vanskelege situasjonar.

Det finst fleire minnesmerke og oppkallingar av gater og plassar etter Ulrichs. I Mücnhen, Bremen og L'Aquila har han fått plassar oppkalla etter seg, i Aurich, Hannover gater.

Publikasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Fori recognitionis origines et doctrina („Ursprünge und Lehre von der gesetzlichen Behandlung der Wiedererlangung“, Göttingen 1846
  • Pax Westphalica quid constituerit de principum jure reformando religionisque exercitio subditorum? (Studie über den Westfälischen Frieden, 1848, ungedruckt)
  • Das deutsche Postfürstenthum, sonst reichsunmittelbar: jetzt bundesunmittelbar in: Archiv für das öffentliche Recht des Deutschen Bundes 4, H. 2, 1861 (Zum Postmonopol von Thurn und Taxis)
  • Der Nassau-Taxis'sche Postvertrag und der Braun'sche Antrag, Gießen 1861 (Zum Postmonopol von Thurn und Taxis)
  • Großdeutsches Programm und Lösung des großdeutschen Problems, Frankfurt am Main 1862
  • Araxes. Ruf nach Befreiung der Urningsnatur vom Strafgesetz, 1870
  • Auf Bienchens Flügeln. Ein Flug um den Erdball in Epigrammen und poetischen Bildern, Leipzig 1875
  • Apicula Latina. Lateinische Studentenlieder, Leipzig 1880
  • Matrosengeschichten. Sulitelma. Atlantis. Manor. Der Mönch von Sumbö, Leipzig 1885
  • Cupressi. Carmina in memoriam Ludovici II regis Bavariae, Berlin 1887
  • Gladius furens, 1868
  • Uranus - Zeitschrift für die Interessen des Uranismus (als monatliche Zeitschrift geplant, nur 1 Heft unter dem Titel Prometheus - Nr. X unten - erschienen)
  • Alaudae, 1889–1895 (Lerchen, „eine kleine Unterhaltungsschrift für lateinkundige Gebildete“, 33 fortlaufend paginierte Ausgaben mit zusammen 388 S.)
    [Nachdruck mit einer Einleitung von Wilfried Stroh, Männerschwarm, Hamburg 2004, ISBN 3-935596-52-9]
  • Forschungen über das Räthsel der mannmännlichen Liebe
    [Links zu online verfügbaren Ausgaben auf Wikisource; Kommentierte Neuauflage in 4 Bänden (Reihe: Bibliothek rosa Winkel Bd. 7-10), hrsg. Hubert Kennedy, Verlag rosa Winkel, Berlin 1994 ISBN 3-86149-025-0; Bd. 1: Briefe und I-V, ISBN 3-86149-026-9; Bd. 2: VI-VII, ISBN 3-86149-027-7; Bd. 3: VIII-IX, ISBN 3-86149-028-5; Bd. 4: X-XII und Der Urning und sein Recht, ISBN 3-86149-029-3]
    • I. Vindex, 1864 („Verteidiger“; unter Pseudonym; 2. Ausgabe mit einem Vorwort von Magnus Hirschfeld, Max Spohr, Leipzig 1898)
    • II. Inclusa, 1864 („Einbeziehung“; unter Pseudonym)
    • III. Vindicta, 1865 („Freilassung“; unter Pseudonym)
    • IV. Formatrix, 1865 („Sie [die Natur] die schöpft“; unter Pseudonym)
    • V. Ara spei, 1865 („Zuflucht der Hoffnung“; unter Pseudonym)
    • VI. Gladius furens, 1868 („das wilde Schwert“, →Gladius (Waffe))
    • VII. Memnon, 1868 (→Memnon (Mythologie); 2 Bände: 1. Abteilung & 2. Abteilung)
    • VIII. Incubus, 1869 (→Incubus (Dämon), ein Albträume verursachender nachtaktiver Dämon)
    • IX. Argonauticus, 1869 (→Argonautensage)
    • X. Prometheus, 1870 (→Prometheus, Freund und Kulturstifter der Menschheit, Feuerbringer)
    • XI. Araxes, 1870 (→Araxes, Name eines Flusses)
    • XII. Critische Pfeile, 1879

Posthume utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Manor. eine Novelle, Verlag Rosa Winkel, 1995
  • Wolfram Setz (Hrsg.): Matrosengeschichten und Gedichte. Ein Lesebuch (Literarisches von Ulrichs, Reihe: Bibliothek rosa Winkel, Bd. 18), Männerschwarm 1998, ISBN 3-86149-070-6
  • Wolfram Setz (Hrsg.): Karl Heinrich Ulrichs zu Ehren. Materialien zu Leben und Werk, Verlag Rosa Winkel (jetzt bei Männerschwarm), 2000, ISBN 3-86149-107-9

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hubert Kennedy:
    • The Life and Works of Karl Heinrich Ulrichs, Pioneer of the Modern Gay Movement
      deut.: Karl Heinrich Ulrichs. Sein Leben und sein Werk
    • Karl Heinrich Ulrichs: 1825–1895, in: The European Gay Review, Nr. 1, 1986, S. 70–74 (Online)
    • Karl Heinrich Ulrichs, in: Rüdiger Lautmann (Hrsg.): Homosexualität. Handbuch der Theorie- und Forschungsgeschichte, Frankfurt am Main und New York 1993, S. 32-38.
    • ULRICHS, Karl Heinrich, in: Biographisches Lexikon für Ostfriesland, 1997, (Online)
    • First Theorist of Homosexuality, in: Vernon Rosario (Hrsg.): Science and Homosexualities, Routledge, New York 1997, S. 26–45 (Online)
    • Karl Heinrich Ulrichs, an Early Advocate of Peace and Equality (Ungedruckt, Online)
  • Wolfram Setz (Hrsg.): Neue Funde und Studien zu Karl Heinrich Ulrichs (Beiträge beziehen sich oft auf Kennedy; Reihe: Bibliothek rosa Winkel, Bd. 36) MännerschwarmSkript Verlag, Hamburg, 2004, ISBN 3-935596-36-7
  • Volkmar Sigusch: Karl Heinrich Ulrichs. Der erste Schwule der Weltgeschichte, (Reihe: Bibliothek rosa Winkel, Bd. 21) Verlag Rosa Winkel (jetzt bei Männerschwarm), Berlin 2000. ISBN 3-86149-105-2
  • Volkmar Sigusch: Karl Heinrich Ulrichs (1825–1895). In: Volkmar Sigusch und Günter Grau (Hrsg.): Personenlexikon der Sexualforschung, Campus Verlag, Frankfurt und New York 2009, ISBN 978-3-593-39049-9, S. 706–715
  • Wolfram Setz (Hrsg.): Die Geschichte der Homosexualitäten und die schwule Identität an der Jahrtausendwende. Eine Vortragsreihe aus Anlaß des 175. Geburtstags von Karl Heinrich Ulrichs (Reihe Bibliothek rosa Winkel Bd. 25), MännerschwarmSkript Verlag, Hamburg, 2000, ISBN 3-86149-106-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Karl Heinrich Ulrichs ved Wikisource.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Karl Heinrich Ulrichs

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ulrichs, K. H. (1994 [skriven 1862, offentleggjord 1899]): Vier Briefe von Karl Heinrich Ulrichs (Numa Numantius) an seine Verwandten. In: Kennedy, H. (1994): Forschungen über das Räthsel der mannmännlichen Liebe, in 4 Bänden. Band 1. Verlag rosa Winkel, Berlin.
  2. Voß, H.-J. (2011): Geschlecht: Wider die Natürlichkeit. Schmetterling, Stuttgart.
  3. Hubert Kennedy: Karl Heinrich Ulrichs: Leben und Werk, MännerschwarmScript Verlag, Hamburg 2001, ISBN 3-935596-27-8