Afrodite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aphrodite på svana si, slik ho er framstilt på ein kylix (gresk vase) frå om lag 460 før Kr., no i British Museum i London.

Afrodite (gresk Ἀφροδίτη, 'kome fram av skum'), er gudinna for kjærleiken, det fruktbare, gleda og venleiken i den gamle greske mytologien. Diktaren Homer sa at ho er dotter av Zevs og gudina Dione, og forfattaren Hesiod at ho var fødd av havet, som hadde vorte svanger med henne av di Uranus' penis fall i havet etter at han vart kastrert av sin eigen son, Kronos.

Afrodite vart gift med meistersmeden og guden for smier, eld og vulkanar, Hefaistos, men hadde fleire utanomekteskaplege eventyr, og fekk sonen Eros med krigsguden Ares.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Afrodite