Aras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Aras
elv
none  Aras, Nakhitsjevan til høgre, og Iran til venstre.
Aras, Nakhitsjevan til høgre, og Iran til venstre.
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia, Flag of Armenia.svg Armenia Flag of Iran.svg Iran, Flag of Azerbaijan.svg Aserbajdsjan
Kjelde Provinsen Erzurum i Tyrkia
 - høgd 3 000 moh
Munning Kura
Lengd 1 072 km
Nedslagsfelt 102 000 km²
Vassføring
 - middel 285 /s

Aras (òg kalla Araks, Arax, Araxi, Araxes, Araz, eller Jeraskh; tyrkisk: Aras Nehri armensk: Արաքս, aserbajdsjansk: Araz, persisk: ارس, kurdisk: Aras eller Araz) er ei elv som renn gjennom landa Tyrkia, Armenia, Iran og Aserbajdsjan, og den totale lengda er 1 072 km.

Grenseelva[endre | endre wikiteksten]

Aras har sitt utspring nær Erzurum i Tyrkia. Ho møter elva Akhurjan søraust for Digor, og dannar så grensa mellom alle landa i området. Først mellom Tyrkia og Armenia, før ho vidare strøymer langs Tyrkia og Aserbajdsjan sin Nakhitsjevan-eksklave. Ho renn så vidare langs grensa av Iran og Nakhitsjevan, grensa mellom Iran og Armenia og så grensa mellom Iran og sjølve Aserbajdsjan, før ho møter elva Kura. Kura renn så ut i Kaspihavet.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Namnet til Aras går heilt tilbake til det antikke Armenia. I antikken meinte Armenes, som ein trur er stamfaren til dagens armenarar, at vatnet var heilag. Ut i frå dette kalla han elva opp etter Arast, ein etterkomar av den legendariske armenske patriarken Haik[1] Namnet vart seinare hellenisert til Araxes, og vart ein del av Kura-Araxes kulturen, eit prehistorisk folk som blømde i dalane til elvene Kura og Aras.

Fleire gonger er det derimot Volga som vert kalla Araxes. særleg i Herodotus sine soger.

Enkelte meiner òg at Aras er elva Gihon, som er nemnd i andre kapittel av Bibelen. Gihon var ei av fire elvar som rann ut frå Edens hage

I moderne historie er Aras mest kjend som ei geografisk, politisk grense. I 1813 vart ho vald som grensa mellom Persia og Russland i Golestan-traktaten, der heile området nord for elva vart annektert til Russland. Iran og Sovjetunionen bygde seinare ei felles demning i elva i Poldasjt-området.

Populær kultur[endre | endre wikiteksten]

Elva Aras vert nemnd i songen «Holy Mountains» av musikkgruppa System of a Down på albumet Hypnotize.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elisabeth Bauer. Armenia: Past and Present, p. 49. ISBN B0006EXQ9C