Karl V av Frankrike

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av Karl V

Karl V, "den Vise" (på fransk Charles V le Sage) (1338-1380), var konge av Frankrike frå 1364 til 1380.

Karl var son av Johan II, og då Johan vart fanga av engelskmennene etter slaget ved Poitiers i 1356, vart Karl i røynda regent. I løpet av sine tidlege år som regent i Frankrike, kjempa Karl mot fleire opprør og folkereisingar i mange delar av riket (La Jacquerie). I 1360 vart det inngått ei avtale om fred med England i Brétigny.

Han var gift med Jeanne av Bourbon.

Barn

  1. Jeanne, (1357-1360)
  2. Bonne, (1360-1360)
  3. Karl VI av Frankrike, (1368-1422), gift med Isabella av Bayern
  4. Marie, (1370-1377)
  5. Ludvig av Angoulême-Orléans, (1372-1407), gift med Valentina Visconti

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Etterfylgde:
Johan II av Frankrike

Franske regentar

Etterfylgd av:
Karl VI av Frankrike

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.