Karl X av Sverige
| Karl X Gustav | |
Karl X Gustav måla av Sébastien Bourdon 1652-53 |
|
| Konge av Sverige | |
| Regjeringstid | 6. juni 1654-13. februar 1660 |
|---|---|
| Fødd | 8. november 1622 på Nyköpings slott i Södermanland |
| Død | 13. februar 1660 i Göteborg |
| Føregjengar | Kristina av Sverige |
| Gift med | Dronning Hedvig Eleonora av Holstein-Gottorp (frå oktober 1654) |
| Born | med Brita Allerts, før ekteskapet:
med dronning Hedvig Eleonora:
|
Karl X Gustav (8. november 1622–13. februar 1660) var konge av Sverige frå 1654. Kroninga fann stad den 6. juni 1654. Han var son av pfalzgreven Johan Kasimir av Pfalz-Zweibrücken og prinsessa Katarina av Sverige, dotter av kong Karl IX av Sverige. Karl X vart gift i oktober 1654 med Hedvig Eleonora av Holstein-Gottorp.
Karl X Gustav var ikkje konge lenge, men han utretta relativt mykje. Store delar av regjeringstida var han leiar av dei svenske styrkane i Polen, Tyskland og Danmark. Krigstoget var framgongsrikt og ein vann fleire sigrar. Toget over Storebelt, og deretter freden i Roskilde, er rekna som ein av Sverige sine største sigrar i krig.
Karl X Gustav døydde i 1660 i Göteborg. Han blei gravlagd utpå hausten same året.