Hedvig Eleonora av Holstein-Gottorp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hedvig Eleonora av Holstein-Gottorp (1636-1715), svensk dronning 1654-1660

Hedvig Eleonora av Holstein-Gottorp (163624. november 1715) var ei svensk dronning og riksforstandar.

Hedvig Eleonora var dotter av hertug Fredrik III av Holstein-Gottorp og Marie Elisabeth av Sachsen. Ho blei gift med kong Karl X Gustav av Sverige i 1654. I 1655 fekk dei ein son som skulle bli Karl XI av Sverige.

Kongen og dronninga var i Polen i 1656 og i Danmark i 1658.

Hedvig Eleonora vart enke i 1660 og levde som enkedronning i 55 år. Ho sat i formyndarregjeringar både for sonen sin Karl XI og sonesonen sin Karl XII (1697 og seinare i rådet 1700-1713).

Kong Karl II av England fridde til henne nokre år etter at ektemaken døydde, men ho takka nei.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]