Kautilya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Innflytinga til det veldige Mauryariket rundt 265 f.Kr. Taxila er avmerkt i nord.

Kautilya eller Tsjanakya var ein statsmann i det indiske Mauryariket og levde om lag 300 f.Kr. Han var rådgjevar for Tsjandragupta Maurya (ca. 340-293 f.Kr.), som grunnla og utvida Mauryariket.

Han er rekna som forfattaren av Arthasjastra, ei omfattande lærebok i statskunst som fortel korleis ein skal styra eit kongerike og tek for seg lov og rett, utanrikspolitikk, krigføring og spionering. Det er omstridd om Arthasjastra slik verket er overlevert verkeleg blei skriven av Kautilya på denne tida.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kautilya var ein brahmin som underviste ved lærestaden Taksasjila (noverande Taxila i Pakistan). Namnet «Kautilya» tyder 'av Kotil' og viser til avstamminga (gotraen) hans, medan «Tsjanakya» tyder '[son] av Tsjanak'.[1]

Markeringar[endre | endre wikiteksten]

Diplomatkvarteret i den indiske hovudstaden New Delhi er kalla Tsjanakyapuri (eng. Chanakyapuri) etter Tsjanakya.

I 1991–92 sende statleg indiske fjernsyn ein serie på 47 delar basert på livet til Tsjanakya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Trautmann, Thomas R. (1971), Kautilya and the Arthaśhāstra: A Statistical Investigation of the Authorship and Evolution of the Text, Leiden: E.J. Brill 

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Engelsk Wikipedia oppgjev Trautmann 1971, s. 10: "while in his character as author of an arthaśhāstra he is generally referred to by his gotra name, Kautilya."
Spire Denne historieartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.