Tsjandragupta Maurya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjandragupta Maurya

Statsborgarskap Maurya
Fødd 340 f.Kr.
Pataliputra
Død

297 f.Kr.
Shravanabelagola

Yrke monark
Religion Djainismen
Ektefelle Durdhara
Tsjandragupta Maurya på Commons
Utskorne fotspor brukt til å minnast Tsjandragupta nær staden han skal ha fasta seg til døde, i Shravanabelagola sør i India.
Foto: Romana Klee

Tsjandragupta Maurya (ca. 340-298 f.Kr.) var grunnleggjaren av det indiske Mauryariket og utvida det til det dekte store delar av det indiske subkontinentet. Han er rekna som den første keisaren av og den første som samla India. Tsjandragupta kom frå ringe kår, men rakk å ta kontroll over Nandariket og gresk-persiske satrapdøme ved rundt tjue års alder. Asjoka den store var sonesonen hans.

Tsjandragupta er kjend under namna Sandrokottos, Sandrokyptos og Androcottus i gresk og latinsk omtale frå oldtida, og som Chandragupta på engelsk.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Indarane hadde ikkje noko skriftsystem på denne tida, og dei einaste skriftlege kjeldene kjem derfor frå utanforståande grekarar. Lite er dermed sikkert om familien og barndommen til Tsjandragupta. Dei eldste indiske tradisjonane fortel anten at han var fødd utanfor ekteskap av ein nandaprins og tenestejenta hans Mura, eller at han kom frå ein ksjatriafamilie (krigarkasten) som leid naud og difor selde han til ein gjetar. Seinare skrifter fortel at han blei fostra av påfugltemjarar, noko som skal ha gjeve namnet «Maurya» – påfugl er mora eller mayurasanskrit, eller at han kom frå ksjatriaklanen Moriya.

På eit tidspunkt knytte Tsjandragupta seg til den lærde brahminen Kautilya – ei utbreidd soge seier at guten imponerte brahminen då han leikte konge. Med Kautilya som rådgjevar fekk Tsjandragupta stadig større makt.

Kongsmakt[endre | endre wikiteksten]

Tsjandragupta klarte få nok støttespelarar til å styrta Dhana av Nandadynastiet rundt 320 f.Kr. Han fekk dermed makta over Magadha, eit rike i den noverande indiske delstaten Bihar. Hovudstaden i Magadha, Pataliputra (den noverande delstatshovudstaden Patna), blei også hovudstaden til det nye og veksande Mauryariket.

Gjennom hærtog fordreiv Tsjandragupta grekarane som hadde erobra delar av Nord-India under Aleksander den store. Han slutta til sist fred med dei greske generalane og kjøpte dei gjenverande greske delane av Indusdalen frå Seleukos Nikator, rundt 305 f.Kr. Generalen gav han også dotter si til ekte, og sende Megasthenes som ambassadør til Mauryahoffet. Seleukos og Tsjandragupta utveksla seinare ei rekkje gåver.

Etter å ha sikra den vestre delen av riket byrja Tsjandragupta hærtog sørover. Han kryssa Vindhyafjella og trengde inn på Deccanplatået.

Djain[endre | endre wikiteksten]

Bhadrabahuhòla i Shravanabelagola.
Foto: Ilya Mauter

Rundt 289 f.Kr. skal Tsjandragupta ha sagt frå seg kongsmakta, som blei teken over av sonen Bindusara. Sogene fortel deretter at han blei ein asket under djain-helgenen Bhadrabahu. Han skal ha følgd helgenen sørover og enda livet sitt gjennom heilag faste ved Shravanabelagola i noverande Karnataka. Eit lite hòletempel der, Bhadrabahuhòla, er i dag markert som dødsstaden. På fjelltoppen Chandragiri i Shravanabelagola finst eit lite tempel, Chandragupta basadi, kalla opp etter han.

Etter Bindusara blei Asjoka keisar i Mauryariket, og spelte ein viktig rolle for utbreiinga av buddhismen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Radhakumud Mookerji, Chandragupta Maurya and his times (Motilal Banarsidass Publ., 1966). Google Books